NRK Meny
Normal

Skal levere verdas største brønnbåt

Havyard i Leirvik skal byggje verdas største brønnbåt til ein verdi av ein halv milliard.

whitsunday passage whitsunday passage

SKAL FRAKTE FISK I AUSTRALIA: Ved Leirvik i Sogn skal verftet byggje verdas største brønnbåt som skal frakte fisk i Australia.

Foto: stephen gibson photohome.co.uk / freeaussiestock.com

Det er Sølvtrans som har bestilt brønnbåten som no skal byggjast ved verftet i Hyllestad kommune.

– Ein underleverandør skal levere skroget frå Tyrkia, så vert båten ferdigstilt i Leirvik, seier Frank Edvard Vike, som er salssjef ved Havyard.

Båten vert 116 meter og 23 meter brei, og får plass til 7450 kubikkmeter vatn i fisketankane. Havyard jublar over kontrakten til 500 millionar.

– Dette er ein jobb som er viktig for oss, så det er ein stor dag for alle i Havyard, seier Vike.

Etter levering skal Havyard-båten segle for oppdrettsselskapet Huon ved Tasmania utanfor Australia. Båten får utstyr som kan produsere nesten 17 millionar liter ferskvatn per døgn.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser