Hopp til innhold

Skal levere til djupaste oljefeltet i verda

GAUPNE (NRK): Luster Mekaniske Industri (LMI) i Gaupne skal levere ein pumpestasjon som skal brukast 3000 meter under havflata.

Geir Øren

OPTIMIST: Dagleg leiar Geir Øren i LMI har godt tru på framtida, trass i oljekrisa.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Prestisjekontrakten inneber leveranse til verdas mest djuptliggande oljefelt utanfor USA, fortel dagleg leiar Geir Øren.

– Det er ein kontrakt som vi har saman med eigaren vår, OneSubsea, som skal leverast til Shell i USA - til Mexico-gulfen. Det som er spesielt med han er at han skal ned på det djupaste feltet i verda. Det heiter Stones. Vi skal vere ferdig med pumpestasjonen i februar neste år.

– Veldig stolte

For tida held LMI på med testar før dei tek til med produksjonen av stasjonen. Dei er ferdige med fem av seks testar.

– Dei fem vi er ferdige med har gått veldig bra, kanskje endå betre testresultat enn vi hadde venta. Det er vi veldig stolte av, og dette blir lagt merke til.

Produksjonen skal ta til 1. august. LMI skal produsere fleire mindre einingar, som så blir sende til Bergen og sett saman i ein samanstillingshall. For LMI er kontrakten verd 14 millionar kroner.

– Det er rein arbeidsbetaling, for kunden betalar materialane. Skulle vi ha teke med materialkostandene også, hadde vi snakka om fleire hundre millionar.

LMI - Luster Mekaniske Industri i Gaupne

INGEN PERMITTERTE: Luster Mekaniske Industrier har for tida arbeid til alle sine tilsette.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ser lyst ut

Verksemda har andre kontraktar å jobbe med, så det er nok å gjere, seier Øren. For verksemda har merka mindre til krisa i oljeindustrien enn mange andre i bransjen.

– Vi har hatt bra med arbeid sjølv med oljekrisa. Vi hadde litt permittering i haust og vinter, men akkurat no er det ingen ute i permisjon. Og vi ser veldig lyst på framtida. Det skjer mykje, og vi får mange førespurnader som kan gi arbeid neste sommar dersom det blir inngått kontrakt.