Hopp til innhold

Skal leie ny «supergruppe» mot kampfiksing

Lotteritilsynet i Førde har fått oppdrag å leie ei ny nasjonal spesialeining som skal jobbe mot kampfiksing.

Atle Hamar

SKAL LEIE KAMPEN MOT KAMPFIKSING: Atle Hamar er direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Foto: Vegard Fimland

– Dette er svært gledeleg, og noko vi frå tilsynet har hatt på dagsorden lenge, seier Atle Hamar som er direktør for Lotteri- og Stiftelsestilsynet.

Lotteritilsynet har koordinert arbeidet mot kampfiksing heilt sidan heilt sidan det blei avslørt mogleg juks med resultata i to fotballkampar i norsk 2. divisjon i 2012.

Same dag som som rettsaka mot fem tidlegare Follo- og Asker-spelarar startar i tingretten , etablerer kulturminister Thorhild Widvey ei eiga supergruppe som skal ta framtidige kampfiksarar.

– På like line med doping er dette noko som ikkje høyrer heime i idretten, seier Widvey til VG.

Stort omfang

Kampfiksingssaka frå dei to 2.-divisjonsoppgjera som blei avslørt i 2012, slo ned som ei bombe i norsk fotball. I Europa har UEFA om lag 400 kampar i søkelyset. Med tanke på kor utbreidd denne typen juks er elles i Europa har Hamar ingen illusjonar om at kampfiksingssaka frå 2012 er eineståande i norsk samanheng.

– Det er no ein gong slik at der det er mykje pengar der blir det og gjort forsøk på kriminalitet.

Kulturminister Hadia Tajik

NASJONAL HANDLINGSPLAN: Direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet møtte dåverande kulturminister Hadia Tajik i samband med at det i november 2012 blei lagt fram ein nasjonal handlingsplan mot kampfiksing i idretten.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Problemet er ikkje knytt berre til kampar i dei øvre divisjonane, men kan vere vel så stort i dei lågare divisjonane. der det ikkje er videofilming, og mindre publikum og dermed og mindre dokumentasjon på kva som har gått føre seg på kampen.

– Det er klart at oddsen i 2. og 3. divisjon er like mykje verdt som odds i Tippeligaen.

Fleire arbeidsplassar

I Lotteritilsynet håpar Hamar at nye oppgåver også skal betyr fleire tilsette.

– Det håpar eg, men det er vanskeleg å seie noko konkret enno. Dette blei jo lansert i dag, og vi må gå nokre rundar med departementet om korleis vi skal få dette opp å gå. vi treng blant anna påtale- og etterforskingskompetanse.

– Når ser du for deg at den ny Spesialeininga kan vere på plass?

– Det kjem litt an på om det kjem noko i revidert nasjonalbudsjett til sommaren eller om det blir eit 2016 tiltak. Uansett kan mykje planleggast og leggast til rette i år slik at vi kan vere fullt oppe å gå frå 2016.