NRK Meny
Normal

Skal legge 87845 meter ny asfalt i år

Trass planar om 87 kilometer ny asfalt i fylket i 2015, er vegvesenet uroa over tilstanden på vegane. Situasjonen i tunnelane skaper endå større hovudbry.

Asfaltarbeid

ASFALTERING: Statens vegvesen skal asfaltere 87 kilometer meter av vegnettet komande år, men seier etterslepet er stort.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Forfallet har vart i fleire tiår og etterslepet er betydeleg både på riks- og fylkesvegar, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Det trengst fleire milliardar til å utbetre vegane.

– Grunnen er rett og slett manglande løyvingar til vedlikehald. Nybygging har vore høgare prioritert enn å ta vare på vegnettet som finst.

– Kutta kan gå ut over tryggleiken

I dag presenterte vegvesenet sine planar for 2015 på eit møte på Skei. Dei legg opp til 40 kilometer med ny asfalt på europavegar og riksvegar og 47 kilometer på fylkesvegar. (Sjå oversikt lenger nede).

Ingar Hagen Hæreid og Velaug Veum

FYLKESDIREKTØR SAMFERDSLE: Velaug Veum.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Helge Eidsnes

VEGVESENET: Helge Eidsnes.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Fylkeskommunen ligg an til å måtte spare 130 millionar kroner på samferdsle dei neste åra.

– Eg uroar meg for både kollektiv med buss, ferje og båtar, og ikkje minst drift og vedlikehald på fylkesvegane. Kutta er dramatiske, seier fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum.

Ho trur ikkje det vil gå ut over tryggleiken, då ho meiner erfaringane syner at trafikantane tilpassar seg forholda. Men regionvegsjef Eidsnes trur mindre pengar til vedlikehald kan påverke tryggleiken.

– Ja, dersom vi snakkar vegar og riksvegar generelt, kan det gjere det. Men vi har klart å styrke trafikktryggleiken dei siste åra, med ein klar nedgang i talet på skadde og drepne, seier han.

Ikkje nok pengar til tunnelutbetringar

Tunnelføreskrifta og eit EU-direktiv tvingar gjennom rehabilitering av mange tunnelar, og det må skje innan 2019. Til fylkesvegtunnelane trengst 680 millionar.

– I år fekk vi kring 65 millionar frå staten. Over fem år blir det halvparten av kva vi treng. I yttarste konsekvens kan tunnelar bli stengde, men vi håpar å unngå det. Førebels har vi ikkje økonomiske rammer til å løyse dette, men det er opna for fem ekstra år til jobben.

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde.

VEGVESENET: Nils Magne Slinde.

Foto: Heidi Ravnestad

Nils Magne Slinde, avdelingsleiar i vegvesenet, seier løyvingane til tunnelane har vore svært små dei siste 20 åra, og at prisen for reparasjonar blir høgare når dei ikkje vert tekne undervegs. Han nemner 170 millionar for å reparere Høyangertunnelen som døme.

– Store jobbar blir dyre, og medfører store stengingar og forseinkingar for trafikantane. Det bør takast etter kvart, seier Slinde.

Europa- og riksvegar 2015 Sogn og Fjordane

Vegnummer

Strekning

Meter

Tiltak

Kommune

EV16

Steinklepp - Borgund tnl.

740

Fresing/slitelag

Lærdal

EV16

Steinklepp - Steinklepp

3480

Fresing/slitelag

Lærdal

EV16

Voll bru - Tjønum (gjeld voll bru)

110

Fresing/slitelag

Lærdal

EV16

Fretheim tnl - Flenja tnl.

618

Oppretting/slitelag

Aurland

E39

Halbrend bru - Storebrua

1376

Fresing/slitelag

Førde

E39

Kronborg - Bruland inkl. RK. Kronborg

890

Fresing/slitelag

Førde

E39

Lisjegjøl

247

Fresing/slitelag

Eid

Rv 5

Mannheller Fk. - Vekti Nord

7977

Fresing/slitelag

Sogndal

Rv5

RK. Kletten tnl - Hornnes

1180

Fresing/slitelag

Førde

Rv5

Naustdalstunnelen

6050

Fresing/slitelag

Naustdal

Rv15

Eid - Stårheim

5400

Fresing/slitelag

Eid

Rv15

Stårheim - Kjølsdalen

4660

Oppretting/slitelag

Eid

Rv52

Hemsedalsfjellet

6500

Oppretting/slitelag

Lærdal

Rv55

Fardal - Ylvisåker

830

Fresing/slitelag

Sogndal

Fylkesvegar 2015 Sogn og Fjordane

Vegnummer

Strekning

Meter

Tiltak

Kommune

Fv04

Skipavik Fk. - Mjåsundbrua Aust

6000

Slitelag

Gulen

Fv13

Flåten - Holslia

1867

Slitelag

Førde

Fv50

Stundal tnl. - Vassbygdi

6140

Fresing/Slitelag

Aurland

Fv55

Oskarshaug - Opptun

450

Bærelag/oppretting

Luster

Fv55

Hafslotun - Osen vest

1170

Oppretting/slitelag

Luster

Fv55

Kvamshøgda - Tussvik tnl.

1000

Oppretting/slitelag

Balestrand

Fv55

Frivik - Vadheim

4501

Fresing/slitelag

Høyanger

Fv60

Støyva - Utvikfjellet

3550

Slitelag

Gloppen

Fv65

Eide - Laberg

5300

Slitelag

Hyllestad

Fv93

Birkås - Fjaler kommune gr.

5325

Slitelag

Høyanger

Fv541

Osen - Osen

3900

Slitelag

Flora

Fv577

Sørgulen - Myklebust X614

6644

Slitelag

Bremanger

Fv614

Eikeland tnl. - Svelgen sentrum

1940

Fresing/Slitelag

Bremanger

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.