Hopp til innhold

Det blir rekordtidleg asfaltlegging - men dei har mindre pengar enn i fjor

Statens vegvesen har planar om å legge fast dekke på rundt 138 kilometer av vegane i Sogn og Fjordane i år. Og held godvêret fram er dei i gang før påske.

Asfaltarbeid
Foto: Oddleif Løset / NRK

Planen er å asfaltere nesten 44,8 kilometer med europa- og riksvegar og 93 kilometer på fylkesvegar. Dei mest trafikkerte vegane blir prioriterte, seier prosjektleiar Arne Magnar Hauglund i Statens vegvesen.

– Vi prioriterer etter sporslitasje og etter årsdøgntrafikk, det vil seie at det er vegar med størst trafikk som blir utslagsgjevande.

Mindre pengar enn i fjor

Men trongen for nytt dekke er større enn dei midlane dei har til rådvelde, så dei får ikkje asfaltere alle strekningane der det trengst.

– Men i fjor hadde vi eit veldig godt dekkeår. Då la vi faktisk 230 kilometer med fast dekke i Sogn og Fjordane, og det er rekord. I år har vi litt mindre pengar til disposisjon, difor blir det færre kilometer.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen seier i ei pressemelding at med ei ny regjering blir innsatsen på asfaltlegging auka, men det gjeld altså ikkje i Sogn og Fjordane.

Den milde vinteren med lite snø og isdekke og ikkje tele i jorda har hatt både positive og negative utslag, seier Hauglund.

– Eg trur det er normal slitasje. Det har kanskje vore meir piggdekkslitasje, men på den andre sida har vi hatt mindre problem med tele.

– Rekordtidleg

Han håpar dei kan kome i gang med dekkelegginga alt før påske, men i alle høve skal asfaltmaskinane vere på plass i veka etter påske.

– Så vi får ein rekordtidleg dekkestart på grunn av det fine vêret vi har hatt.

I tillegg skal det settast opp rekkverk på 350 meter europaveg (Moskog-Vassenden) og på 7960 meter fylkesvegar.

Asfalteringsplan 2014

HER SKAL DET LEGGAST DEKKE: Strekningane med raudt er på europa- og riksvegar, grønt på fylkesvegar.

Foto: Statens vegvesen

Her er planen for dekkelegging:

Europa- og riksvegar (til saman 44,767 km):

  • E16 i Aurland: Nyheim-Ohnstad 1364 meter
  • E16 i Aurland: Ohnstad-Fretheim 2820 meter
  • E39 i Gulen: Kringla-Instefjord 5580 meter
  • E39 i Jølster: Klakegg-Våtedalen 1520 meter
  • Rv5 i Lærdal: Håbakken-Lærdalsøyri 1750 meter
  • Rv5 i Sogndal: Stedje rundkøyring 77 meter
  • Rv5 i Sogndal: Stedje rundkøyring-Storhallen 910 meter
  • Rv5 i Sogndal: Bøyadalen i Fjærland 4880 meter
  • Rv5 i Førde: Kletten-Erdal 3250 meter
  • Rv5 i Flora: Langedal-Knapstad 5120 meter
  • Rv5 i Flora: Botnaneset-Gaddevågen 1100 meter
  • Rv13 i Vik: Storehaug-Storesvingen 370 meter
  • Rv13 i Vik: Vik S-Vik N 1450 meter
  • Rv15 i Stryn: Stryn rundkøyring 66 meter
  • Rv15 i Stryn: Krysss Rv60-Kryss Fv613 5900 meter
  • Rv15 i Eid: Ervik-Kjølsdalen 1070 meter
  • Rv15 i Eid: Kjølsdalen-Vindfyllatunnelen vest 1800 meter
  • Rv15 i Eid: Haus-Maurstad 3200 meter
  • Rv55 i Sogndal: Bondeviki-Fardal 2540 meter

Fylkesvegar - til saman 92,956 km:

  • Fv53 i Årdal: Oppland grense-Sletterust 4100 meter
  • Fv53 i Årdal: Naustbukttunnelen-Vassbugen 8040 meter
  • Fv55 i Sogndal: Kvam-Loftesnes bru 2380 meter
  • Fv57 i Hyllestad: Bø bru-Løland bru 4200 meter
  • Fv60 i Gloppen og Stryn: Utvikfjellet-Utvik V. 2900 meter
  • Fv60 i Stryn: Visnes bru 1410 meter
  • Fv62 i Hyllestad: Hyllestad-Risnes 4500 meter
  • Fv65 i Fjaler: Folkestad-Hellevik 7650 meter
  • Fv92 i Vik: Nese-Vik 3600 meter
  • Fv338 i Luster: Solvorngalden-Solvorn 3115 meter
  • Fv365 i Askvoll: Hågøy-Bumannsneset 553 meter
  • Fv365 i Askvoll: Indre Gjelsa-Grånåsa 95 meter
  • Fv365 i Askvoll: Gjelsa-Sør-Halsøy 960 meter
  • Fv391 i Gaular: Kryss Fv57-Laukeland 5720 meter
  • Fv543 i Flora: Goldalsneset-Sandvik 2970 meter
  • Fv607 i Fjaler: Gjølanger-Tysse 1400 meter
  • Fv608 i Askvoll: Ringstad-Askvoll 3870 meter
  • Fv614 i Flora: Norddalsfjordbrua-Haukåtunnelen 6068 meter
  • Fv614 i Bremanger: Svelgen sentrum 1940 meter
  • Fv620 i Selje: Kjøde 7220 meter
  • Fv620 Sandvik-Leikanger 8548 meter
  • Fv622 i Eid: Taklo-Sætre 2700 meter
  • Fv664 i Eid: Navelsaker 6100 meter
  • Fv696 i Gloppen: Storebru kryss 615 -Storebru 2917 meter