NRK Meny
Normal

Skal lansere Nikolai Astrup internasjonalt

Sparebankstiftinga DNB gir 10 millionar kroner til Nikolai Astrup-senter i Bergen.

Juninatt i haven

SKAL UT I VERDA: Juninatt av Nikolai Astrup

Foto: Sotheby's

– Dette er fase to i eit langt arbeid med å få presentert Nikolai Astrup for eit internasjonalt publikum, seier Anders Bjørnsen, som har ansvar for kunstinnkjøpa i Sparebankstiftinga DNB til NRK.

Bjørnsen har dei siste seks–sju åra jobba fram mot ei internasjonal lansering av Astrup. No løyver altså Stiftinga 10 millionar kroner til eit Astrup-senter knytt til Kunstmusea i Bergen, KODE.

Vi prioriterer eit samarbeid med KODE fordi det er eit ambisiøst museum som har tydelege planar for vidare forsking på Astrup si betydning, seier Bjørnsen til Aftenposten.

Jølster viktig

– Jølster og Astruptunet er svært viktig for å forstå Nikolai Astrup sin kunst. Vi har også løyvd to millionar kroner til eit forprosjekt for å kartlegge Nikolai Astrup sin hage. Det må og sjåast i samanheng med at vi no ynskjer å sette Astrup på det internasjonale kunstkartet, seier Bjørnsen.

– Men når de no løyver 10 millionar til eit Astrup-senter, så blir det i Bergen og ikkje Jølster?

Anders Bjørnsen

ASTRUP-SENTER: Anders Bjørnsen er ansvarleg for kunstinnkjøpa i Sparebankstiftinga DNB.

Foto: Stein Aase / NRK

– Det gjer det, og der er vi så heldige at vi har kunsthistorikar Tove Kårstad Haugsbø, som skal disputere til doktorgrad denne veka.

Kårstad Haugsbø er no fast tilsette ved KODE i Bergen, og er den skal ha ansvaret for Astrup-senteret.

Ny forsking

– Noko av det Kårstad Haugsbø tar opp i si doktoravhandling denne veka er heilt ny forsking, og som gir nye perspektiv på Astrup.

Noko av det som blir tatt opp der er hans nærleik til naturen, og det å dyrke sin eigen mat.

– Der er jo noko som er veldig i tida no på den internasjonale kunstscena, og mange kunstnarar som oppdagar dette. Her var jo Astrup absolutt ein føregangsmann, seier Bjørnsen.

Håpar å få tips om nye verk

Ei av dei første oppgåvene til den nye leiaren for Astrup-senteret i Bergen blir å lage ein katalog over alle måleria til Astrup.

– så dersom det sit folk no som har ein Astrup på veggen så må dei ta kontakt med Astrup-senteret og seie ifrå.

– Reknar du med at det kan dukke opp nye og ukjente verk?

– Ja, det er jo ikkje så lenge sidan Astrup sitt første måleri dukka opp igjen etter å ha vore vekke i over 100 år. Det finst heilt sikkert fleire bilete rundt om kring som vi ikkje er klar over, seier Bjørnsen

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.