Hopp til innhold

Skal låne ut elsyklar gratis

Eid kommune har fått 250.000 kroner frå Miljødirektoratet til innkjøp av 10 elsyklar og to elektriske lastesyklar. Syklane skal lånast ut gratis til folk for å få fleire til å sykle i staden for å bruke bil. – Sykling er bra for helsa og miljøet og gir ein trivelegare kvardag for både store og små, seier ordførar Alfred Bjørlo (V). Utlånsbanken BUA som låner ut sports- og fritidsutstyr gratis til folk i kommunen, får no også ansvar for dei nye syklane.

El-syklar i Eid
Foto: Eid kommune