NRK Meny
Normal

Treskjeraren skal lage sjøormen i Hornindalsvatnet

Sjøormen i Hornindalsvatnet skal no få plass på land i Grodås. Treskjerar Rolf Taraldset har fått oppdraget med å prøve å skape sjødyret og ser allereie føre seg korleis den skal sjå ut.

Skal lage sjøormskulptur - Rolf Taraldset

SJØORMEN KJEM PÅ LAND: Treskjerar Rolf Taraldset skal skape den mykje omtale sjøormen som ein skulptur på land. Bilete til høgre er teke av Andreas Solvik som saman med to andre karar såg det dei trur eg sjøormen for to år sidan.

Foto: Alf Vidar Snæland/Andreas Solvik

– I ei tid tilbake har det vore snakk om at denne sjøormen som er observert i Hornindalsvatnet kanskje skal få plass på land, seier treskjerar Rolf Taraldset.

Det er Fjordabladet som først skriv om det litt spesielle oppdraget Taraldset no har fått. Han skal nemleg prøve å lage ein slags skulptur av den mykje omtala sjøroman som fleire har observert i det 514 meter djupe vatnet.

– Fleire personar skal ha sett den, men den viser seg ikkje for alle. Hornindalsvatnet er forferdeleg djupt, så det kan vere mangt og mykje nedi der som ein ikkje er klar over, ler Taraldset.

LES OGSÅ SAKA VI LAGA MED ROLF I HAUST HER

Ein turistmagnet

Sjølv har han ikkje sett sjøormen, men har allereie danna seg eit bilete av korleis den skal sjå ut.

– Eg har no fantasert litt om korleis eg kunne tenkje meg denne ormen. Litt storleik må det vere. Kanskje eit par meter eller tre. Og så hadde eg tenkt å ha ein effekt i enden, slik at turistane kan fotografere seg i lag med den, fortel han.

Taraldset trur sjøormen kan vere lokkande for turistane i området.

– Ein del bussar som stoppar jo på Grodås og det er ei veldig fin utsikt mot vatnet. Det å ha ein stoppeplass der ein kan fotografere seg i lag med noko skapar jo eit minne frå turen, seier han.

LES FLEIRE SJORMHISTORIAR

Noko som buktar seg

Tanken er at ormen skal stå på land ved vatnet. Det er Hornindal næringslag som har fått ideen om å lage sjøormen. Ormen skal få sin plass på tomta der det tidlegare Coop-bygget i Hornindal stod.

Den skotske sjøormen i Loch Ness har allereie blitt skapt i fleire former og Taraldset legg ikkje skjul på at han kanskje kjem til å vere litt inspirert av den.

– Det må jo vere noko buktar og bender seg. Då tenkjer eg at hovudet kjem opp og at ein ser ein nokre ryggar bakover. Eg tenkjer det må vere litt farge på òg. litt beis og olje som toler å stå ute.

Ferdig om to år

Som treskjerar er det sjølvsagt tre Taraldset kjem til å bruke for å skape sjøormen. Han har lage mykje ulikt av tre og i ulike storleikar, men ein sjøorm er likevel noko heilt anna enn det han har vore borti før.

Om sommaren held Taraldset treskjerarkurs og då held dei til nede ved vatnet.

– Vi har no sett utover vatnet desse dagane, men det er ingen som har sett ormen, seier han.

No står att det å finne rette treet og begynne å skjere i.

– Eg har allereie fått tips om tre som kunne fungere. Det blir litt spennande dette her. Eg veit enno ikkje når den blir ferdig, kanskje innan to år, seier ein ivrig treskjerar.