NRK Meny

Skal lage ny opplæringslov

Eid-rådmann Åslaug Krogsæter (på bilde saman med Eid-ordførar Alfred Bjørlo) har fått ei viktig oppgåve. Ho er ein av sju utvalde som Kongen i statsråd har peika ut til å lage ei ny opplæringslov. Krogsæter har bakgrunn som både rektor, lærar, tillitsvalt og som utdanningsdirektør i Sogn og Fjordane. Kunnskapsminister Henrik Asheim (H) seier tida er inne for ein heilskapleg gjennomgang av opplæringslova som no er 20 år gammal. Ministeren gir utvalet oppdrag om å gjere lova enklare og mindre detaljert, samtidig som den tryggar rettane til elevane. Dei har frist på seg til 1. desember 2019.

Åslaug Krogsæter saman med Eid-ordførar Alfred Bjørlo
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.