Hopp til innhold

Skal lage moderne teater i 173 år gamalt bygg

LÆRDAL (NRK): Kunstnarane ville lage eit stykke ute blant folk. No skal den gamle Telegrafen bli teaterarena.

Jostein Avdem Fretland framfor Telegrafen i Lærdal

I SPISSEN: Komponist Jostein Avdem Fretland står i spissen for prosjektet. Dei andre aktrørane er Fredrik Høstaker, Oda Kirkebø Nyfløtt, Miriam Prestøy Lie, Maria Ulvestad og Vilde Jensen Hjetland.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det er ikkje snakk om å putte åtti folk i eit amfi og spele på ei scene. Vi vil ta med publikum på ei reise gjennom huset, seier Jostein Avdem Fretland (27).

Komponisten står i spissen for prosjektet som har fått arbeidstittelen «Telegrafen»

Bygget som er eit av dei største og mest staselege i Lærdalsøyri blei bygd i 1844, rommar no eit telemuseum, men har tidlegare både vore apotek og bustadhus. I juni skal det bli teaterscene.

– Veggane skal strippast litt og ny scenografi skal inn og sånn, for det kjem til å skje ulike ting i dei ulike romma.

Lokalt initiativ

Inne i Telegrafen i Lærdal

NYTTEVERDI: No rommar Telegrafen eit telemuseum, men er og lokale for ein kunstskule.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Fleire kunstnarar og skodespelarar er med i prosjektet. Sjølve ideen kom då Fretland og Førde-skodespeglane Fredrik Høstaker og Oda Kirkebø Nyfløtt, ville lage teater heime i Sogn og Fjordane. Regissør Miriam Prestøy Lie, dansekunstnar Maria Ulvestad og kunstnar Vilde Jensen Hjetland er og med.

– Men vi ville ikkje gøyme det vekk på eit kulturhus, vi ville gjere noko ute blant folk, forklarar Fretland.

Då fant dei ut av det passa godt å gjere i Lærdal, i og med at bygda er med i prosjektet Levande Lokale, som går ut på å fylle gamle, tomme bygg, med nytt innhald.

– Så vi tok oss ein tur rundt på Lærdalsøyri og fann ut at Telegrafen passa best til eit slik prosjekt.

I tillegg til støtta dei har fått gjennom Levande Lokale-prosjektet, har stykket også fått 500.000 kroner i støtte frå Norsk kulturråd.

Jostein Avdem Fretland inne i Telegrafen i Lærdal

STASELEG: Det 173 år gamle bygget har ei lang historie, og har lenge vore sentral i Lærdal.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Framtida til bygdene

Sjølv om manuset framleis er under utvikling, skal temaet vere framtida til bygdene.

– Vi er i eit spennade tid. Mange kommunebudsjett er pressa, mange tenester blir slått i hop og sentraliserte, og det verkar som mykje er oppe i lufta i bygdeområda, seier Fretland.

– Det kan framleis lande på ein god plass, men det er ikkje gjeve kor bra det blir eller at det blir "slik som det har vore før".

Til denne tematikken passa Telegrafen perfekt.

– Bygget står midt i krysningen mellom det gamle Lærdalsøyri og det nye sentrumet av Lærdal, så akkurat her verka det naturleg å lage teater om kva bygdene våre har vore før, og kvar dei skal i framtida.

Jostein Avdem Fretland framfor Telegrafen i Lærdal

LÆRDØL: Jostein Avdem Fretland er sjølv lærdøl, men har lenge budd i utlandet. Han gler seg til å lage teater i heimbygda.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Gjer ikkje Lærdal ei teneste

Lærdølen gler seg til å vise Lærdal si nytteevne gjennom stykket.

– Av og til har folk ein ide om at dei bur i ei grøft som ingen vil besøke, men så er det ikkje sant i det heile teke, ler han.

– Eg håpar at folk ikkje trur vi er her for å gjere Lærdal ei teneste, men at vi er her fordi det er ein framifrå plass å lage teater på.