Hopp til innhold

Dramatiske tunnelbrannar skal no bli ny katastrofefilm

Dramatiske scener med flammar, røyk og trange tunnelar skal no bli til ein ny, norsk katastrofefilm med eit budsjett på over 30 millionar kroner.

Røyk frå Gudvangatunnelen, E16.

DRAMATISKE BRANNAR: Det har vore fleire alvorlege brannar i tunnelar i Noreg dei siste åra. No skal det bli katastrofefilm om brannane.

Foto: Jonas Axelsson

Dei siste åra har det vore fleire store brannar i norske vegtunnelar. Dette har gitt inspirasjon til produsent Einar Loftesnes og regissør Pål Øie. Dei har no fått sju millionar kroner frå Norsk filminstitutt til å lage katastrofefilmen «Tunnelen».

– Dette betyr at filmen no er fullfinansiert, seier Loftesnes.

Dei siste tre åra har dei undersøkt dei mange tunnelbrannane på Vestlandet, og skrive manus til ein spelefilm. Filmen har eit totalbudsjett på 34 millionar kroner og målet er å starte innspelinga i februar neste år.

– Dette er ein film som er basert på hendingar som har skjedd på Vestlandet dei siste fem åra. Så har vi laga til våre eigen katastrofe inne i tunnelen, seier Loftesnes.

Norske katastrofefilmar som «Bølgen» og «Skjelvet» har hatt stor suksess dei siste åra.

Vinterstorm og branninferno

I filmen vert ein far og ei dotter fanga i eit branninferno. I fjellet herjar ein vinterstorm når det bryt ut ein katastrofal tunnelbrann som fangar folk på veg heim til i jul i eit inferno der dei må gi alt for å overleve.

– I filmen følger vi fleire historier på innsida og utsida av tunnelen. Kva skjer rundt ei slik type ulukke? Og så har vi fiksjonert opp karakterane som vi har i filmen vår, seier Loftesnes.

Brann Gudvangatunnelen

MASSIV BRANN: Gudvangatunnelen blei råka av brann i 2013. Det førte til langvarige skader på fleire av dei som var i tunnelen.

Foto: Stine Larsen Ramsøy

Nestor på laget

Med seg på laget har Øie og Loftesnes fått med seg ein annan kjend sogning, filmnestor Aage Aaberge med 35 år bak seg i filmbransjen.

– Som tittelen tilseier så er det ein katastrofe som oppstår i ein tunnel. Det skjer om vinteren med snøstorm ute, og ein krisesituasjon i ein tunnel. Det er ein veldig dramatisk historie, seier Aaberge.

– Kva blir di rolle i produksjonen?

– Eg har fått den flotte tittelen «executive producer». Det som det eigentleg betyr er at eg skal prøve å bidra med mi erfaring så godt eg kan, når dei yngre kreftene treng litt råd og rettleiing, seier Aaberge.

Jakta på karakterane

Med finansieringa i boks er planen å starte opptaka til filmen februar,

– No når vi har fått pengane så startar jakta på kven som skal kle dei ulike rollene. Vi har jo sju ulike historier som vi skal fortelje så no byrjar casting-folka å leite etter dei rette folka til dei karakterane vi har, seier Loftesnes.

Einar Loftesnes

FILM OM TUNNELBRANN: Produsent Einar Loftesnes frå Sogndal skal lage spelefilm basert dei mange tunnelbrannane i fylket.

Foto: POUL IVERSEN