Hopp til innhold

Ferien deira er ein biltur rundt halve jordkloden på ti veker

På ti veker skal Atle Gandrudbakken og Hilde G. Corneliussen frå Hafslo køyre 25.000 kilometer til Mongolia på ferietur. Strekninga er like lang som halvveges rundt jordkloden.

På tur

ER PÅ FARTEN: Atle Gandrudbakken og kona Hilde G. Corneliussen har starta ferda til Mongolia.

Foto: privat

– For nokre år sidan køyrde vi til Marokko, Nord-Afrika og Sahara. Det tykte vi var spennande, men det var relativt organisert. Allereie då snakka vi om å leggje ut på ein større tur som var litt meir ekspedisjonsaktig, fortel Atle Gandrudbakken til NRK.no.

Dermed fann han og kona Hilde G. Corneliussen ut at eit land ein kunne dra til, som framleis var relativt ukjent, måtte vere Mongolia. Og som sagt, så gjort.

– Dei siste tre åra har vi jobba jamt og trutt med planane om turen, seier Gandrudbakken.

Køyrer i følgje med fleire

Med seg på turen skal dei ha eit vennepar frå England som sluttar seg til i Tyrkia.

– Vi skal også ha med oss nokre venner av oss frå Bergen som vi håpar tek oss att, då dei er litt forseinka, seier Gandrudbakken.

Turen starta laurdag frå Hafslo, og no er det rein transportetappe før den eigentlege turen startar i Tyrkia torsdag.

Søndag køyrer dei frå Sverige og vidare til Danmark. Vidare køyrer dei til Tyskland og gjennom heile Europa og heile vegen til Tyrkia der første hovudstopp er i Istanbul. Etter planen skal dei vere framme der torsdag.

(Artikkelen held fram under bilete)

Kart over den store reisa

LANGT OG LENGRE ENN LANGT: Slik er ruta til paret frå Hafslo.

Foto: privat

Mykje styr for å få visum

– Når vi er der skal vi også prøve å få ut eit visum til Turkmenistan, eit såkalla transittvisum. Det har vore litt problem å få ut visum dit, seier Gandrudbakken.

Førebuingane har vore grundige for at turen skal gå så smertefritt som mogleg. Men det ligg månadsvis med papirarbeid i botn. Høyr berre her:

Dei har på plass visum til Iran, Usbekistan, Tajikistan, Kasakstan, Russland og Mongolia. Dei håpar at det kinesiske visumet er klart tysdag slik at det kan bli ettersendt med ekstra pass til Istanbul.

Og ein liten svipptur til Hong Kong

– Etter Mongolia er planen vår å køyre vidare til Hong Kong. Det er berre ein liten avstikkar når vi først er i Mongolia, seier Gandrudbakken.

Når ein først er i Mongolia, så kan ein ta heimvegen gjennom Russland. Men det har ikkje Atle og Hilde tenkt å gjere, for det er endå lengre enn vegen dei køyrer no.

– Det er lengre enn å køyre til Hong Kong og sende bilen heim att i container derifrå, seier Gandrudbakken.

Og medan Landroveren set nasen heimover åleine på eit skip, skal dei to sjåførane ta det litt roleg ei stund.

– Då skal vi slappe av på eit godt hotell nokre dagar, før vi set oss på flyet heim att. Eg trur vi er nøgde med bilkøyring for ei stund når vi kjem til Hong Kong, seier Gandrudbakken og ler.

Men først skal 25.000 kilometer forserast på vel ti veker.

(Artikkelen held fram under biletet)

Telt på taket

SØV PÅ TAKET: Landroveren er utstyrt med telt på taket. Det har fleire fordelar, mellom anna at dei har god oversikt.

Foto: Atle Gandrudbakken

Trufast travar tåler trøkket

Ein heilt essensiell del av førebuingane er deira Land Rover Defender 2004-modell. Den trufaste travaren har vore gjennom både oppgraderingar og grundig service for å vere best mogleg rusta til turen.

– Vi har jobba lenge for at bilen skal vere godt rusta til turen både teknisk og utstyrsmessig, seier Gandrudbakken.

Mellom anna er det installert ekstra drivstofftankar, slik at ein kan ha 180 liter diesel på tanken. Også framseta er skifta ut, slik at det skal vere mest mogleg behageleg når ein skal køyre ti-tolv timar om dagen.

Kilometerstanden på Landroveren er i dag 190.000, så han kjem difor til å gjere eit monaleg hopp før dei kjem tilbake til Norge.

– Vi har auka køyrelengda med 50.000, sånn for å vere på den trygge sida, seier Gandrudbakken.

Heller kummerleg vegstandard

At bilen skal klare turen, er han heilt sikker på.

– Vi har hatt han sidan han var ny, og han er godt vedlikehalden. Før turen er det også gjort full gjennomgang av alt teknisk. Dette er ein bil som er bygd for dette, seier Gandrudbakken.

For mange av stadane dei skal køyre, er vegstandarden mildt sagt kummerleg.

– Einskilde plassar vil det nesten meir vere som eit tråkk enn ein veg, så det er bra vi har ein bil som er bygd for terrenget og som klarar å ta seg fram sjølv om det ikkje er noko særleg veg å snakke om, seier Gandrudbakken.

Og berre så det er sagt, Gandrudbakken har ingen planar om å pensjonere bilen når turen er slutt.

– Nei, nei, nei. Denne bilen skal vi halde fram å bruke. I løpet av fire-seks år skal vi sikkert ut på ein ny tur, om det blir Afrika eller noko anna får vi sjå. Dette er bilar som held omtrent i det uendelege berre dei vert passa på, seier Gandrudbakken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Landroveren

KLAR TIL TUR: I over tre år har Gandrudbakken og kona planlagt turen til Mongolia.

Foto: Atle Gandrudbakken

Null forsikring aust for Tyrkia

Forsikring er eit kapittel for seg sjølv.

– Når du kjem aust for Tyrkia så tek slutt alle forsikringar å gjelde på bilen. Så vi har ingen forsikring på bilen der, så forsvinn bilen, så forsvinn han, seier Gandrudbakken.

Sjølve har dei utvida reiseforsikring. I tillegg er det ei haug med papir som må vere i orden, slik som internasjonale førarkort, bankgaranti for å få kjøpe ansvarsforsikring i landet du skal inn i.

I Kina må bilen omregistrerast slik at han får kinesiske nummerteikn samt at du må ha kinesisk førarkort, og slikt er ikkje gjort i ei handvending.

– Det jobbar vi med no, samt at vi har folk som kan hjelpe oss med det, seier Gandrudbakken.

Ingen astronomiske summar

Dei har forbindelsar som snakkar både russisk, iransk og kinesisk som dei kan ringje til når som helst for hjelp.

– Vi har også installert satellitt-telefon i bilen, slik at vi kan ringje for å få hjelp på flekken, seier Gandrudbakken.

Nøyaktig kor mykje turen kostar, har ikkje Gandrudbakken rekna på.

– Folk trur dette kostar mykje, men vi har jo telt på taket av bilen, så i utgangspunktet bur vi i bilen heile tida. Bortsett frå når vi kjenner at vi treng ei natt i ei skikkeleg seng og treng ein skikkeleg dusj, då tek vi ei natt på hotell, seier Gandrudbakken.

Hen legg til at det som har kosta litt på førehand er å ta ein skikkeleg overhaling på bilen.

– Men eg har gjort det meste sjølv, med hjelp frå venner og kollegaer. Så det er ingen fantasisummar vi snakkar om, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

The car

UTSTYR: Landroveren frå 2004 er oppgradert og godt utstyrt for turen.

Foto: Atle Gandrudbakken

Har iPod med fleire tusen songar

At det er ein viss fare for tresmak i baken, er dei førebudde på.

– Vi er vane med å køyre, og har køyrt lange turar før, og trivst godt med det. Og så har vi gode seter i bilen, seier Gandrudbakken.

Han og kona byter på å køyre, slik at ein får kvile seg innimellom.

– Og så har vi ein iPod som er fylt om med nokre tusen songar, så dette bra, seier Gandrudbakken.