Ordførar i Aurland, Noralv Distad, seier at kommunen har leigd inn eit konsulentfirma som skal sjekke alle flytebryggjene som Aurland hamnevesen har ansvar for.
Dette gjer dei etter at seks turistar fall i vatnet då ein landgang på ei bryggje kollapsa i Gudvangen. Bryggja er eigd av Aurland hamnevesen, som er eit kommunalt føretak i Aurland kommune.
- Les også:
– Når det skjer slikt er det naturleg at ein går gjennom alle dei andre kaiene for sikkerheitsskuld, for å sjekke at alt er i orden.
–Burde ikkje dette vore gjort før?
– Kaiene skal til ei kvar tid vere i orden og dei blir rutinemessig sjekka, men vi synast det er greitt å ta ein ekstra sjekk når det skjer ei slik hending.
På spørsmål om bryggja som kollapsa var dimensjonert for ein så stor båt, svarar ordføraren:
– Det vil eg ikkje kommentere nærmare, no jobbar politiet vidare med saka og så kjem vi tilbake til det når saka er etterforska.
Jon Olav Stedje er assisterande hamnesjef i Aurland hamnevesen. Han fortel at bryggja er teke i bruk igjen.
– Vi driv med testing av bryggja. Den nye konstruksjonen er langt meir solid enn den førre, seier Stedje.
Hamnevesenet har og laga retningslinjer til operatørane som bruker bryggja om korleis den bør brukast.