Hopp til innhold

Skal kommunen heite Ernasverk eller Tvangsfjord?

Tvangsfjord, Tvanganger, Fjordland og Epleland. Er dette namn som kan passe når Balestrand, Leikanger og Sogndal blir slegne saman til ein kommune?

Forslag til kommunenamn på storkommune i Sogn

BÅDE SERIØST OG MINDRE SERIØST: Dette er eit lite utval av framlegga på facebooksida til NRK Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

Det kom inn ein del kreative framlegg då NRK Sogn og Fjordane på si facebook-side bad om framlegg til namn på den nye kommunen i Sogn. Ikkje alle var like alvorleg meint, men mellom framlegga var det også namn som sikkert kjem til å bli vurderte når politikarane til slutt skal ta ei avgjerd.

Geir Arne Solheim frå Ålfoten lanserer namnet Fimreite. Denne staden ved innløpet til Sogndalsfjorden kjenner dei aller fleste i landet til frå historietimane sine, på grunn av slaget ved Fimreite i 1184.

Fimreite

HISTORISK KJEND STAD: Fimreite ligg i Sogndal kommune, ved innløpet til Sogndalsfjorden.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Geir Arne Solheim

– SATS PÅ FIMREITE: Geir Arne Solheim.

Foto: orivat

– Eg ser det litt utanfrå, sjølv om eg er fødd i Lærdal og har budd i Sogndal. Eg har køyrt mykje mellom Sogndal og Leikanger og ofte stansa for å sjå over mot Fimreite og tenke på slaget som stod der ein gong.

Solheim meiner Fimreite kan vere eit samlingspunkt i den nye storkommunen.

– I tillegg er det eit kjent namn over heile landet på linje med Selja og Stiklestad.

Eit anna framlegg av det seriøse slaget er Sygna, lansert av Brit Elin Ladehaug.

Olaug Brekke synest namnet Sognestrand er dekkande for alle tre kommunane.

Sogn eller Sogndal?

Eli Kristin Hamre er tilhengar av å bruke namnet på den største av dei tre kommunane som skal slå seg saman til ein:

«Når mindre kommunar blir slegne saman med Sogndal, er det naturleg namn på den nye store kommunen. Akkurat som da feks Fana blei ein del av Bergen, verre er det ikkje.»

Tore Oddvin Stølen held ein knapp på Sogn, sjølv om den nye kommunen berre omfattar tre av dei noverande kommunane i Sogn:

«Nytt namn på den nye storkommunen må verte Sogn. Sogn vil vera eit sterkt merkenamn, og som vil vera godt dekkande for ein sognekommune på litt sikt.»

Solholm, Leistrand og Sogna(e)fjord er og namn som er kasta fram.

Sobale og Balaleika

Anders Vikøren har sans for Sobale, opphaveleg lansert av Geirmund Henjum, vidareformidla i radio av Jan Olav Fretland. Martin Flatjord skriv: «Det må bli Balaleika».

Geir Flåm har denne meldinga: «Kadl da Kaupanger, ferdig arbeid 😂 😂 eller sobalelei.»

Guri England har eit litt meir grunngjeve framlegg: «Dette vert litt av ein leik! Vert bale å finna eit nytt namn for denne nye kommunen i Sogn, som ikkje fører til anger. Frå fjord, strand til dal og fjell, berre fjorden og fjellet er felles, så kva med å kalle kommunen for Ernas-verk eller Ernas-tvangen= det er noko som alle kan einast i utan at nokon av kommunane vert forbigått. Vi har jo Hermansverk frå før, so kvifor ikkje? »

Bjørn S. Sølsnes meiner Baleanger kan vere eit passande namn:

« For dette blir berre bal, og me kjem til å angra.»