Hopp til innhold

Skal kjempe i toppen med minibudsjett

Utan ein einaste lønna medarbeidar har Florø ambisjonar om å yppe seg mot muskuløse motstandarar som HamKam og Kongsvinger.

Florø nedsabla Stord

HÅPAR PÅ MEIR JUBEL: Det var mykje å juble for på Florø stadion i fjor. No håpar trenar Terje Rognsø på ei plassering heilt i toppen ved sesongslutt.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Vi gjer det vi kan ut frå rammene våre. Vi vil vere med heilt der oppe, seier Terje Rognsø.

Han er trenar for Florø, som i fjor overraska mange med å toppe avdelinga si i 2. divisjon fram til sommaren. Klubben enda på sjuandeplass etter ein litt tyngre haust – men no har florøværingane planar om å halde nivået heile sesongen.

– Kva tankar har de om eit eventuelt opprykk?

– Det er vanskeleg å seie. Det er jo nok at berre eitt lag er framfor oss, så....

Har ikkje økonomiske musklar – men sportslege

Etter å ha svidd av pengar i aust og vest gjennom mange år på starten av 2000-talet, har Florø den seinare tida stramma livreima til det inste hakket.

No brukar ikkje klubben pengar til A-laget anna enn til reise og litt til godtgjersle for nokre av spelarane. Det er ingen tilsette i klubben, korkje i administrasjon eller i støtteapparat.

– Eg kan ikkje sjå for meg at andre lag har eit så lågt budsjett på seniorsatsinga si. Heldigvis er det ikkje alltid dei med størst budsjett som vinn i fotball. Eg føler vi sportsleg kan konkurrere med kven som helst, seier Rognsø.

Etter fjorårssesongen har Florø mellom anna mista landslagsspelar Kristoffer Ryland til Sogndal. Inn har dei fått Hlynur Atli Magnusson frå Island og danske Nicklas Frenderup.

Terje Rognsø

OFFENSIV: Trenar Terje Rognsø rår over eit ungt og offensivt mannskap. Florø vil utfordre motstandarar som HamKam og Kongsvinger.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har spelt færre kampar for ikkje å bli slitne

Saman med Førde er Florø det einaste laget frå Sogn og Fjordane i 2. divisjon. Her kjempar dei mot lag som Elverum, Kongsvinger og HamKam – som nok er å rekne som favorittar i avdelinga.

Men også Florø har ambisjonar om hevde seg blant storlaga frå Austlandet. Og denne gongen vil dei gjerne stå sesongen ut.

– Vi har spelt færre treningskampar enn før, rett og slett fordi vi ikkje skal bli slitne på hausten. Eg trur det skal gå bra, sjølv om vi kanskje ikkje er veldig samspelte. Klubben har uansett eit veldig innarbeidd system på alle nivå og lag, seier Rognsø.