Hopp til innhold

Samla fylkesutval skal stå på for alle flyplassane

Eit samrøystes fylkesutval meiner Sogn og Fjordane skal kjempe for å behalde alle fire flyplassane.

Widerøe på Førde lufthamn Bringeland

VIKTIG, MEINER FYLKESUTVALET: Førde lufthamn og dei tre andre flyplassane er for viktige til å bli lagde ned, meiner fylkesutvalet i Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen (MMS-foto) / NRK

Avinor er i gang med vurdering av flyplass-strukturen i landet på oppdrag av regjeringa. Resultatet skal bli ein del av Nasjonal transportplan 2018-2027.

Åshild Kjelsnes

SKAL KJEMPE FOR ALLE FLYPLASSANE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Avinor har alt antyda at det kan vere aktuelt med kutt av ein til to flyplassare i Sogn og Fjordane. Då er Sandane lufthamn og Førde lufthamn mest utsette. Men politikarane meiner vi treng alle, ikkje minst av omsyn til næringslivet, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes

– Det er veldig viktig, for det viser noko om samfunnsnytten til kvar einskild lufthamn. Det er veldig klare tilbakemeldingar på at det er fleire bedrifter som ikkje hadde vore etablerte her eller som ikkje hadde halde fram med å vere her om det ikkje var for deira lokale flyplass.

– Trugsmålet er reelt nok

Fylkesordføraren meiner kortbanenettet er ein del av kollektivnettet som er heilt naudsynt for at distrikts-Norge skal fungere skikkeleg. Ho meiner flyplasstilbodet i Sogn og Fjordane er meir utsett enn nokon gong.

– Trugsmålet er reelt nok, ut frå at regjeringa har bestilt ei utgreiing. Nettopp difor er det viktig at vi gir denne klare tilbakemeldinga, og eg er glad for at Avinor inviterte oss inn i ein såpass tidleg fase, før dei formelle høyringane.

Ho er glad for at alle partia som er representerte i fylkesutvalet går inn for å kjempe for alle fire flyplassane.

– Det er ein stor fordel å ha mest mogeleg samla fråsegner når ein skal skal seie noko til nasjonale styresmakter. Alt det grundige materialet vi har fått inn frå dei fire flyplassane viser tydeleg at flyplassane er viktige.