Hopp til innhold

Skal ikkje råke andre prosjekt

– Realisering av 45-minuttsregionen skal ikkje gå utover andre prioriterte tiltak. Dermed skal bilistane betale halvparten.

Illustrasjon Kystvegen

VIL HA PENGAR: Hovudutvalet rår fylkestinget til å finansiere kystvegen mellom Florø og Måløy med minst 50 prosent brukarbetaling. Det heile vert avgjort i juni.

– Hovudutvalet er opptekne av at det er viktig å realisere denne strekninga, og fleirtalet ser positivt på initiativet med bompengar, seier hovudutvalsleiar Arnstein Menes (Sp).

Må betale halvparten

Hovudutvalet rår fylkestinget til å finansiere kystvegen mellom Florø og Måløy med minst 50 prosent brukarbetaling.

Samferdslepolitikarane slutta seg til tilrådinga frå fylkesrådmannen om å gå for bompengar for å realisere vegstrekka mellom dei to kystbyane.

Dette vedtaket vart gjort mot ei røyst. Frank Willy Djuvik frp Framstegspartiet var den einaste som røysta imot.

Viktig med lokalt initiativ

Kommunane Bremanger, Vågsøy og Florø har tidlegare gjort vedtak om at dei er positive til brukarbetaling.

– Eg meiner det er viktig at lokalt initiativ skal vere grunnlaget for å finansiere dette ved hjelp av bompengar, og vedtaket i kommunane gjer at vi kan støtte opp om dette, seier Menes.

Han legg vekt på at tilrådinga om prioritere å realisere kystvegen, ikkje skal konkurrere med tidlegare prioriterte tiltak.

– Vi blir stadig utfordra på prioriteringar framover, men dette skal ikkje gå utover noko av det vi har vedteke å prioritere tidlegare, seier han.

Fylkestinget avgjer

Politikarane ønskjer at bompengeselskapet skal leggje fram ei pakke for korleis resten av prosjektet skal finansierast, og hovudutvalet rår til at dette skal gjerast i samråd med fylkesrådmannen og fylkesutvalet.

Dette vart også vedteke mot ei røyst.

Fylkesutvalet skal handsame saka onsdag 25. mai, før fylkestinget tek endeleg stilling til ho i juni.