NRK Meny
Normal

Skal ikkje lenger «krite fødslar»

Nordfjordkvinner skal ikkje lenger føde på Helse Møre og Romsdal si rekning i Volda.

Jon Bolstad og Jorunn Ringstad

SAMDE: Helse Førde-leiinga er samde med Helse Møre og Romsdal om betalingsmodell for fødslar i Volda.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Til no har ikkje Helse Førde kome til semje med Helse Møre og Romsdal om kor mykje dei skal betale i kompensasjon for nordfjordingar fødde i Volda.

No skal derimot ein betalingsavtale vere i boks, og sunnmøringane skal få pengane sine.

– Vi har aldri sagt at vi ikkje skal betale, og betalingsmodellen er no meir eller mindre klar. Helse Møre og Romsdal skal få oppgjer slik som vi er blitt samde om, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Har tatt rekninga

Etter at Kvivsvegen opna, og fødeavdelinga på Nordfjordeid vart lagt ned, har gravide nordfjordkvinner måtte reise til Volda for å føde.

Fram til no har Helse Møre og Romsdal teke den ekstra kostnaden på si eiga kappe.

– Det er klart at når vi tek over oppgåver frå Helse Førde, så har vi føresett at vi skal få kompensasjon, seier administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik.

Kostnadsfordeling

Betalingsmodellen dei to regionale helseføretaka no er blitt samde om, seier ingenting om pris. Derimot er det ei kostnadsfordeling i høve til kor mange nye verdsborgarar frå Nordfjord som kjem til verda i Volda.

Er til dømes ein av ti nyfødde heimehøyrande i Helse Førde sitt område, skal det regionale helseføretaket betale ein tiandedel av det kostar å drive fødetilbodet i Volda.

– Eg er svært tilfreds med at Jon Bolstad stadfestar at vi no kan gå inn i den avtalen som dei to regionale helseføretaka har blitt samde om, seier Eidsvik som i går kveld ikkje var kjend med at avtalen var i boks.

Får pengane snart

I Helse Førde kan ikkje administrerande direktør Bolstad seie når helseføretaket nord om grensa får pengane for fødslane sidan 1. oktober.

Allereie på den første veka kom seks nye verdsborgarar frå Nordfjord til verda på sjukehuset i Volda.

– No står ikkje eg med sjekkheftet her, men det blir så snart vi har fått på plass den skriftlege delen av avtalen. Det er det ikkje lenge til, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.