NRK Meny
Normal

Skal hylle vaktmeisteren før kamp

Før kampstart mot Brann blir det eitt minutts applaus for vaktmeisteren som gjekk bort førre veke.

Sead Sabanovic

MINNAST: Før kampstart skal dei minnast den avdøde vaktmeisteren, som blir omtala som varm, blid og positiv.

Foto: Privat

– Han var far til Sognahallen og vi vil merke at han ikkje er der, seier Eirik Bakke.

Rett før Sogndal skulle spele mot Viking førre veke fekk spelarane sjokkbeskjeden om at vaktmeisteren deira i Sogndal, Sead Sabanovic var gått bort etter å ha vore kreftsjuk ei stund.

– Det blei eit sjokk for alle. Han betydde mykje for alle i Sogndal. Også for meg, seier Bakke.

Likevel greidde Sogndal å knuse Viking, og det var til ære for vaktmeisteren seier Eirik Bakke. Dei hylla han på sin måte i garderoben etter kampen.

Ei heiarop der dei ropar "Sead"

HEIAROP: Sogndal-spelarane samla seg i garderoben etter kamp og hylla vaktmeisteren med eit heiarop. (Video: Privat)

Hyllest før kamp

Vaktmeisteren skal bli hylla med eitt minutts applaus før kampen mellom Sogndal og Brann tek til i på Fosshaugane Campus i Sogndal. Arrangementssjef, Geir Inge Heggestad seier det er ein tradisjon i Sogndal å heidre dei som er gått bort på ein måte som minner om kven dei var.

Geir Inge Heggestad

APPLAUS: Det blir eitt minutts applaus for Sabanovic, i staden for stille, seier Geir Inge Heggestad.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Han var ein glad mann, så ein applaus for han er det rette å gjere, seier Geir Inge Heggestad.

Sabanovic har jobba i hallen sidan 1998 og var der nesten kvar dag, seint og tidleg ifølge Heggestad. Han har følgt mange av spelarane og trenaren Eirik Bakke sidan dei var små.

– Etter at pappa døydde for nokre år sidan har eg og han vore på gravplassen saman fleire gonger. Dei to hadde også eit spesielt forhold og vi har mange gode minner, seier Eirik Bakke.

Eirik Bakke

MINNER: Eirik Bakke seier dei må gå vidare, men hugse på alle dei gode minna dei har saman med Sead Sabanovic.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Gode minner

Brann-spelaren Azar Karadas, som tidlegare spelte for Sogndal hadde også eit spesielt forhold til vaktmeisteren. Han fortel at dei var gode kameratar som alltid hadde mykje å snakke om. Han skulle ønske Sabanovic kunne vore til stades når dei skal spele i Sogndal.

– Det blir spesielt å ikkje møte han når eg kjem til Sogndal. Eg pleier alltid å helse på han når eg er der, og det var planen å treffe han no og. Vi hadde nokon fantastiske stundar saman og han gav meg minner for livet, seier Karadas.

Azar Karadas

TUNGT: Azar Karadas seier tankane hans går til familien til Sabanovic. Det blir tungt å komme til Sogndal utan å treffe han, fortel han.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.