NRK Meny
Normal

Skal hyllast i heimbygda: – Veldig kjekt

Den ferske europameisteren har ein storslegen gullfest i vente når ho kjem heim til Fjaler. Hovudpersonen sjølv seier ho har kost seg i EM og lært mykje.

Kjerstin Boge Solås

EUROPAMEISTER: Den unge handballspelaren var med då landslaget tok heim gullet i EM-finalen.

Foto: Frank Cilius / NTB scanpix

– Det er veldig mange i Fjaler som ønsker å sette pris på Kjerstin, seier kultursjef, Ingeborg Tysnes i Fjaler kommune.

Når handballjenta kjem heim frå EM, byr dei inn til fest i Fjalerhallen med kaker og taler.

– Vi er kjempestolte

Ingeborg Tysnes, kultursjef i Fjaler

STOLT: Kultursjefen gler seg til å ønske handballjenta velkommen heim.

Foto: Teaterfestivalen / NRK

Både fylkesordførar, ordførar og næringsliv skal halde taler for Kjerstin Boge Solås på den store heimkomstfesten. Kultursjefen ventar at mellom 100 og 200 stolte innbyggarar strøymer til for å hylle spelaren.

– Den reisa ho har gjort har gått veldig fort. Det er flott at det er mogleg å komme frå ei lita bygd i Sogn og Fjordane og hamne på landslaget, seier kultursjef, Ingeborg Tysnes.

For berre to år sidan spelte Boge Solås handball i Dale og no har 18-åringen fått oppleve å ta heim sigeren i EM.

Skal trene handballaga i ferien

Den unge spelaren kjem heim for ein liten ferie, fortel Tysnes. Men ho legg seg ikkje på sofaen med det første. Handball-ungane i Fjaler får nemleg låne Boge Solås som trenar.

– Det er trening for yngre lag same dag som festen, og då skal ho vere trenar. Det er kjempeflott at ho vil gjere det. Eg hadde nok lagt meg på sofaen var eg henne, seier Ingeborg Tysnes.

Måtte bere ballbagen

Kjerstin Boge Solås

JUBEL: Kjerstin Boge Solås med EM-trofeet. Når ho kjem heim til Fjaler blir det meir feiring.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Den ferske europameisteren gler seg til å kome heim til jul og ser tilbake på dei siste vekene med glede.

– Det har vore veldig kjekt og lærerikt, og eg har opplevt mykje, seier Boge Solås. EM-sigeren er det største høgdepunktet, men ho er òg stolt av det ho sjølv har prestert på bana.

– Personleg er kanskje det einaste målet eg scora høgdepunktet. Elles var semifinalen og finalen skikkeleg stort. Det var så mange som heia, og lyden og trykket rundt var veldig bra, fortel ho.

Som yngste dame på landslaget har ho måtte tole litt ekstra tyn frå dei meir rutinerte spelarane.

– Det har eigentleg gått veldig bra, men sidan eg er minst får eg litt småoppgåver som å ta ballbagen og sånn, ler ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.