Hopp til innhold

Skal hente ut 100 tonn med steinprøvar i Engebøfjellet

No startar prøveboringane for andre gong i Engebøfjellet i Naustdal. Førre gong vart det massive demonstrasjonar der over 80 aksjonistar i lenkegjeng vart arresterte av politiet.

Prøveboring i Engebøfjellet

FØRSTE SALVE: Nordic Mining skal hente ut 100 tonn med steinprøvar frå Engebøfjellet

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Gruveselskapet skal no ta fleire steinprøver for å sjekke kvaliteten på fjellet for å kunne planlegge det vidare arbeidet.

– No skal vi sprenge ut 10 prøvar på 10 ulike stadar her oppe, seier geolog Steinar Kleppe.

Og det er ikkje små menger som skal til. Kvar prøve er på 10 tonn, så til saman skal takast ut 100 tonn med steinprøvar som det skal gjerast knuseforsøk og prosessforsøk på for når Nordic Mining no går inn i neste fase i prosjektet.

– Dette er avgjerande materiale for prosjektet. Klarar vi å få ut mineral frå Engebøfjellet på ein fornuftig og lønsom måte, seier Kleppe.

Ut i verda

Steinar Kleppe

SJEKKAR MALMEN: Steinar Kleppe er geolog i Nordic Mining.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Steinmassane frå Engebøfjellet vert i første omgang transport til Førde der det blir knust handterleg steinmasse. Det blir så pakka ved kontoret i Naustdal og sendt ut til laboratorium i utlandet for nærare undersøkingar. Resultata her vil vere avgjerande for framtida til prosjektet.

– Vi er avhengige av at vi klarar å levere resultat som er tilfredsstillande for at prosjektet skal vere godt økonomisk. Alt vi gjer no er for å redusere risikoen for at prosjektet skal feile når vi til slutt seg i gang produksjonen, seier Kleppe.

Byggestart i 2019

Førre gong Nordic Mining dreiv prøveboring i Engebøfjellet vart over 80 aksjonistar som lenka seg fast arresterte av politiet.

– Det vart ein krevjande situasjon. Eg har stor respekt for dei som talar på vegner av naturen, og vi var budde på aksjonar i oppstarten. Men då aksjonane også heldt på utover i tid, så vart det krevjande for oss, seier Ivar S. Fossum, som er administrerande direktør i Nordic Mining.

Ivar Fossum

STATSAR PÅ BYGGESTART I 2019. Ivar S. Fossum er er administrerande direktør i Nordic Mining.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Denne gongen er det ein annan type undersøkingar som skal vere ferdige i løpet av nokre dagar. Nordic Mining er i ferd med å legge siste hand på ei teknisk/økonomisk analyse som skal vere klar i løpet av kort tid. Prøvane som no vert tekne på Engebøfjellet skal brukast i den neste fasen av eit teknisk/økonomisk studium som så skal pågå i eit års tid.

– Då nærmar vi oss oppstart av byggeperioden som skal starte i første halvdel av 2019. Alt dette handlar om å utvikle eit mest mogleg berekraftig industriprosjekt, og som vi håpar skal verte ei langsiktig hjørnesteinsverksemd i Sogn og Fjordane, seier Fossum.