NRK Meny
Normal

Skal hente pengar frå Fjord1 uansett

HERMANSVERK (NRK): Fylkeskommunen skal hente pengar frå Fjord1 uansett. Fylkesordførar Jenny Følling seier no at ho vil ha ekstraordinær generalforsamling, om Konkurransetilsynet skulle setje foten ned.

Finansutvalet

LOVAR PENGAR: Fylkesordførar Jenny Følling lova pengar til fylket då Fjord1-saka vart diskutert i finansutvalet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Selskapet skal seljast til Torghatten, men det er til godkjenning i Konkurransetilsynet. Samstundes har fylkesordføraren sagt nei til å ta utbytte frå Fjord1. Opposisjonen frykta at ein dermed ikkje skulle få pengar frå selskapet i heile tatt i år.

– Går salet av selskapet i orden så får vi salssummen. Dersom salet ikkje går i orden så ligg det eit forslag i styret om uttak av utbytte av 50 millionar, og dersom fylkeskommunen ynskjer at vi skal ta det ut av selskapet, så kan vi ha ei ekstraordinær generalforsamling, seier fylkesordførar Jenny Følling.

– Det er ikkje noko i vegen for det?

– Nei, ein kan kalle inn til ekstraordinær generalforsamling når som helst. Så er det slik at verdiane ligg i selskapet og kjem alle aksjonærane til gode, seier Følling.

Utløyste debatt

Sjølv om det i utgangspunktet berre skulle handle om vanlege budsjettsaker i finansutvalet utløyste Fjord1 saka debatt også der i dag. Senterpartipolitikar Sigurd Reksnes meinte det låg ein eim av omkamp over finansutvalet.

– Eg registrerer dei utspela som kjem i media der ein sår tvil om korvidt fylke kan få tapskompensasjon, og det er det ingen grunn til. Fylkeskommunen har gjort vedtak om å selje Fjord1, og i det ligg det og ei avtale med Torghatten, og det må fylkesutval og finansutval forhalde seg til. Eg føler at her prøver ein å spinne, og meiner det vil skade fylket dersom ein no sår tvil om behovet for tapskompensasjon, seier Reksnes.

Gruppeleiaren for Venstre, Gunhild Berge Stang, avviste kontant at dette var forsøk på omkamp.

– Når det gjeld prosessen tidlegare så er det ikkje tvil om at Venstre har vore kritiske til prosessen, samstundes som vi har vore samde i sal. Det som no var mi bekymring er at om ein no ikkje får godkjenning av Konkurransetilsynet og samstundes har sagt nei til utbytte som ein del av aksjonæravtalen. Men så seier fylkesordførar at ein gjennom ei ekstraordinær generalforsamling likevel kan ta utbytte, og det svaret er eg nøgd med, seier Berge Stang.

Får pengar uansett

Fylkesordførar Jenny Følling er klar på at fylkeskommunen får pengar i kassen i år.

– Ja, dette kan ein handtere på den eine eller andre måten, og er ikkje noko konfliktområde.

– Dersom dette har vore klart heile tida, kvifor sa du ikkje det under fylkestingsbehandlinga då du vart pressa på denne delen av Fjord1-saka?

– Det eg sa den gong var at vi må ha ei generalforsamling innan 30. juni fordi det er fristen for å halde generalforsamlinga. Så får vi berre sjå når vi får svar frå Konkurransetilsynet. Vi kjem til å ha generalforsamling slik styret har kalla inn til, og no har vi drøfta med styret at viss ikkje, så kan vi og ha ei ekstraordinær generalforsamling, slik at vi kan få ta det utbytte som fylkeskommunen ynskjer.