Hopp til innhold

Valdsdømd etterforska for drapstruslar mot politijurist

Ein mann i 20-åra blir etterforska for drapstruslar mot ein politijurist ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vik fengsel

I VARETEKT: Mannen fekk forkynt tiltalen i ei alvorleg valdssak då han retta truslane under varetektsfengsling i Vik.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Mannen vart i vinter dømd i ei svært alvorleg valdssak. No er han under etterforsking for drapstruslar mot juristen i denne saka.

– Eg kan stadfeste at truslane er under etterforsking, og at vi ser alvorleg på saka. Vi har førebels ikkje konkludert, stadfestar politiadvokat Erling Melvær ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Fengselstilsette overhøyrde

Det var medan han sat varetektsfengsla i Vik at han i sinne og affekt retta truslane etter å ha blitt gjort kjend med tiltalen i valdssaka.

Truslane vart overhøyrde og rapportert inn av tilsette ved fengselet.

Mannen er førebels ikkje sikta, men blir etterforska for brot på Straffelovas paragraf 132 a, «for å ha motarbeidd rettsvesenet ved vald, truslar, skadeverk eller anna rettsstridig åtferd overfor ein aktør i rettsvesenet». Strafferamma er fengsel i ti år.