Hopp til innhold

Statnett planlegg ny stor kraftleidning mellom Aurland og Sogndal med over 40 meter høge master

Statnett ønskjer å byggja ein ny kraftleidning mellom Sogndal og Aurland med like store høgspentmaster som dei i Hardanger. Sjølv om dei høgste mastene blir over 40 meter, forventar ikkje Statnett sterke reaksjonar.

Kraftlinje i Luster

HØGE: Dei høgste mastene mellom Sogndal og Aurland vert over 40 meter høge. Dette biletet er av kraftlinjer i Lustrafjella.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Nei, det trur vi ikkje. Leidningen har gått gjennom det området her i 40 år allereie. At vi erstattar han med ein leidning som ser nesten heilt lik ut, trur eg ikkje vil gje nokon negative reaksjonar, seier delprosjektleiar i Statnett, Tor Morten Sneve.

Protestane har dei siste åra vore høglydte mot dei såkalla hardangermastene, høgspentmastene som skal bera den nye kraftleidningen mellom Sima og Samnanger.

Trur folk er vane med mastene

Statnett ønskjer å bruka like høge master som i Hardanger når dei skal byggja den nye 420 kv-linja mellom Aurland og Sogndal. Men i Sogn er folk vande med å sjå kraftspenn over fjorden, seier Sneve.

– Når vi er ferdige med prosjektet, vi området verte sjåande ut nesten som det gjer i dag. Vi skal rive eksisterande leidning etter at vi har sett den nye leidningen i drift, seier Sneve.

Han fortel at mastene i snitt vil verte éin meter høgare enn dagens master.

– Dagens leidning har master som er frå 15 til over 40 meter høge. Den eine meteren vil utgjere ganske lite, og på avstand vil ein knapt sjå endringane seier Sneve.

Statnett har sett i gang eit storstila arbeid, på mellom fem og sju milliardar kvart år, med å byggja nye kraftleidningar gjennom landet, og oppgraderinga er no komen til indre Sogn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Morten Sneve i Statnett

VENTAR IKKJE REAKSJONAR: Tor Morten Sneve i Statnett trur ikkje dei nye mastene vil utløyse negative reaksjonar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fjernar den gamle når den nye er på plass

Statnett vil bruka inntil 900 millionar kroner på å byggja den 47 kilometer lange kraftleidningen som skal gå innom Sogndal, Lærdal og Aurland kommunar.

– Det er naudsynt å modernisere straumnettet for å sikre straumforsyninga for framtida, og leggje til rette for ny fornybar kraftproduksjon på Vestlandet. Leidningen vil gå parallelt med den som er der i dag, men han vil ikkje gå nedom busetnaden i Fardal, seier Sneve.

Han fortel at leidningane og transformatorstasjonen i Fardal vil verte permanent fjerna.

– Så snart den nye leidningen vert sett i drift, vil heile den gamle leidningen mellom Fardal og Aurland bli riven, seier Sneve.

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat som tek stilling til om Statnett får byggja den nye leidningen. Men før det blir det omfattande høyring, og planane skal konsekvensutgreiast.

Må få vekk flaskehalsen

Statnett håpar å starta opp bygginga om tre år, slik at den nye 420 kilovoltlinja kan stå klar til 2020.

– Det er store planar om ny fornybar kraftproduksjon i Sogn og Fjordane, både vindkraft og vasskraft. Det let seg ikkje realisere utan at vi fjernar ein flaskehals i kraftsystemet, slik dagens leidning er, seier Sneve.

– Eg trur dette er eit veldig viktig tiltak, seier Noralv Distad, som er ordførar i den store kraftkommunen Aurland.

– For Aurland kan det bli ein verdiauke. Men det vi er mest opptekne av, er at Aurland, med sitt lokale linenett, får ei direkte tilkopling til sentralnettet, slik at vi får ny transformatorløysing i Vassbygdi, og forsyningstryggleik, seier Distad.

Skal gå gjennom verdsarvområde

Dette er eit krav som Aurland kommune allereie har spelt inn til planane om den nye lina, og som dei håpar å få gjennomslag for.

Den nye leidningen skal gå rett gjennom verdsarvområdet i Nærøyfjorden som i 2005 kom på Unesco si verdsarvliste.

Distad, som også er styreleiar for Nærøyfjorden verneområde, trur ikkje Statnett sine planar vil skapa kontroversar fordi den nye linja skal gå i den same traseen som den gamle.

– På grunn av at det går gjennom eit verneområdet, vil det verte gjennomført ei konsekvensutgreiing. Det er for tidleg å seie noko om det er aktuelt med spesielle tiltak på delstrekningar. Men i utgangspunktet skulle dette vere eit lite kontroversielt tiltak, seier Distad.