Hopp til innhold

Skal ha slege Odd-kaptein og bede han om å henge seg i heftig duell

Under kampen mellom Sogndal og Odd søndag, skal Odd-kaptein Steffen Hagen skal ha blitt slegen i magen og blitt beden om å gå og henge seg av Sogndal-keeper Erik Dahlin.

Steffen Hagen ble slått i magen av Sogndal-keeper Erik Dahlin, og ble deretter bedt om å gå og henge seg.

Erik Dahlin

FRISKE FRASPARK: Erik Dahlin spelte med ansiktsmaske i kampen mot Odd. I kampen skal han ha kome med heftige utspel mot Odd-kaptein Steffen Hagen.

Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball

Det er avisa Varden som melder dette i dag, og dei siterer Odd-kapteinen om situasjonen som skal ha oppstått i feltet etter eit hjørnespark.

– Han slo meg med albogen i magen då ballen var på veg bort. Hadde domaren sett episoden ville det blitt eit direkte raudt kort, seier Steffen Hagen til avisa.

Han seier vidare at han tok dette opp med Dahlin, men at han då fekk til svar at han "kunne gå og henge seg".

– Når ein spelar er på eit slikt nivå, så er det berre å gå vekk. Då gidd eg ikkje å snakke med han, seier Hagen til Varden.

Avisa har også snakka med Sogndal-målvakta som ikkje nektar for episoden, men meiner at det er slikt ein må rekne med i ein tøff fotballkamp.

– Eg veit ikkje kva eg gjorde, men eg måtte kome meg laust frå tre mann. Dette er fotball. Slikt skjer, seier Dahlin til Varden.

Dahlin blir så konfrontert med påstanden frå Odd-kapteinen om han verkeleg sa at han burde gå og henge seg.

– Eg hugsar ikkje kva eg sa. Det blir sagt så mykje i løpet av ein fotballkamp, Eg tenkjer ikkje mykje på det, seier Dahlin til Varden.

Dahlin spelte heile kampen søndag med ansiktmaske, og saman med eit sterkt forsvar sørga han for at Sogndal fekk med seg eitt poeng borte mot Odd. Eit poeng som kan syne seg svært viktig i kampen for å overleve i eliteserien.