NRK Meny

Skal granske Sogn barnevern

SOGNDAL (NRK) Sogn barnevern skal granskast. Kontrollutvalet skal stå for granskinga og ekstern hjelp skal leigast inn for å få det gjort.

Deler av Sogndal formannskap

FORMANNSKAPET: Frå venstre Senea Sabanovic (Ap), Kjetil Kvåle (Ap), rådmann Jostein Aanestad, Vibeke Johnsen (SV), Karin Vikane (H) og varaordførar Laura Kvamme (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeida / NRK

Det har formannskapet i Sogndal vedteke. Granskinga skal vere ferdig i april.

Dei langvarige problema i Sogn barnevern var på sakskartet då formannskapet møtte i dag.

Først reiste formannskapet på synfaring hjå Sogn barnevern. Deretter drøfta dei vegen vidare for barnevernet, og enda opp med å be kontrollutvalet granske.

SV ville ha to separate granskingar, kontrollutvalet sin forvaltingsrevisjon, og ei ekstern gransking.

Vibeke Johnsen

SV: Vibeke Johnsen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er for å sikre oss at vi får ei gransking av leiinga. Vi har fått informasjon om tenesta gjennom arbeidet Fylkesmannen har gjort, og om arbeidsmiljøet via Arbeidstilsynet. Men vi manglar det som går på leiing og leiarstruktur, seier Vibeke Johnsen.

– Antydar du at den kommunale leiinga har gjort noko feil?

– Hovudansvaret for arbeidsmiljøet ligg hjå leiing, og vi ønsker ein gjennomgang av det fordi det har vore so mykje uro over så lang tid.

Formannskapet enda opp med å vedta ei kompromissløysing; kontrollutvalet skal hente inn ekstern hjelp til éi gransking.

SV og Johnsen beheldt forslaget sitt om to ulike granskingar, men fekk berre dei to røystene frå seg sjølv og Venstre.

Håpar på ein ende

Frp sin Rita Navarsete håpar at denne granskinga blir det endelege kapittelet rundt bråket i Sogn barnevern.

– Eg håpar mandatet vi har gitt til kontrollutvalet gjer at dei kan gå i djupna og bli ferdig med saka. Som eg har sagt, vi må heilt opp på leiarnivå for å sjå kvar problema ligg.

Rita Navarsete

Frp: Rita Navarsete.

Foto: Erlend Blaalid Oldeida / NRK

– Du har sagt at dette må skje fort. Kvifor det?

– Fordi det slit på dei tilsette. Dei gjer ein beundringsverdig jobb. Eg stressar dette litt, for eg har ikkje lyst til at belastinga skal vare så mykje lenger.

Belasting

Under synfaringa fekk dei tilsette i Sogn barnevern og politikarane «snakke ut». Fagleiar Elin Pettersen Tysse tykte møtet var godt.

– Vi ønska å formidla kva vi gjer i det daglege, kva vi har fokus på, og ikkje minst at vi har det bra på jobb. Nettopp for å få ro rundt tenesta vår slik at vi skal få jobbe med dei mest utsette borna i samfunnet.

Elin Pettersen Tysse

FAGLEIAR: Elin Pettersen Tysse.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– De bad om arbeidsro. Kva tykkjer du om svara hjå politikarane?

– Det ser vi på som svært positivt. Medietrykket har ulik påverknad på oss. Dei fleste av oss tykkjer at det er utfordrande.

– Men det indre liv i Sogn barnevern er bra. Så er vi smerteleg klar over at det vil ta tid å bygge opp att tilliten og renommeet som vi ønsker å ta. Men den tida skal vi ta.

Rosar

– Medan dei tilsette tykkjer media er ein belasting, rosar Rita Navarsete (Frp) media.

– Ja, eg rosar alle media i denne saka, men Sogn Avis har vore veldig bra. Utan dei ville vi ikkje vist noko om dette. Media har gjort at denne saka kom på bordet.

– Når eg høyrer at dette problemet har vore der sidan 2009, og Sogn barnevern vart oppretta året før, er det berre trist. Det er nettopp slike saker media skal ta fatt i, meiner Navarsete.

Vedtak i Sogndal formannskap

VEDTAKET: Slik lyder vedtaket i Sogndal formannskap.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar