NRK Meny

Skal granske konkurs

Bustyrar Jan Nikolai Hvidsten har engasjert rekneskapsførar for å gå gjennom rekneskap og kontoutskrifter etter konkursane i Tema Solutions og Tema Holding i Førde. Det melder Firda.Hvidsten har ikkje funne straffbare forhold i konkursane, men ber rekneskapsføraren om ei forsvarleg vurdering av om transaksjonar. Tema Solutions selde i mange år såpe og kjemikaliar, men slo seg sjølve konkurs i september.