Det er tredje gong sidan den dramatiske eksplosjonsulukka i Sløvåg i Gulen at ein skal undersøkje korleis helsetilstanden til innbyggjarane i Gulen og Masfjorden.
Det er Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus som skal utføre undersøkingane.
Fekk reaksjonar
Etter eksplosjonen på Sløvåg rapporterte mange om helseplager. Dette vart første gong granska i 2008.
– Så langt viser denne undersøkinga at ein del av dei som hadde vore nær hendinga hadde hatt stressreaksjonar som følgje av ulukka, fortel leiaren for helseundersøkinga, Bjørg Eli Hollund ved Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland.
I 2010 gjennomførte avdelinga ei spørjegransking at mange framleis hadde plager, men at styrken på plagene var redusert.
- LES OGSÅ:
Alle får innkalling
Måndag 22. oktober 2012 startar Haukeland opp med nye helseundersøkingar etter ulukka i 2007.
– Alle som deltok i helseundersøkinga i 2008 får innkalling. Undersøkingane denne gongen vil gå føre seg i klubbhuset ved Nordbygda idrettsanlegg. Det kjem eige brev i posten til alle som var med sist, opplyser Hollund.
– Bør stille opp
Etter planen skal dette vere den siste, oppfølgjande undersøkinga av innbyggjarane i Gulen og Masfjorden etter Vest Tank-ulukka.
– Oppmøtet i samband med den første undersøkinga var god, men for at vi skal kunne konkludere, er det viktig at alle stiller opp igjen, sler prosjektleiaren fast.
Planlagt gransking
Hollund seier til NRk at den granskinga dei no skal gjennomføre, har vore planlagt sidan dei starta i 2008.
– Vi kom inn eitt år etter eksplosjonen i Sløvåg. Då var det for seint å sjå på akutteffektar og skal vi seie noko om helsa etter eksplosjonen, så må vi følgje dei over tid.
– Kva håpar de no å finne?
– Vi håpar at vi skal finne at folk er friske no. Vi fann tidlegare små endringar når det gjeld luftvegsplager, og vi håpar at dei skilnadane i høve dei som var nær eksplosjonen og dei lenger borte, no skal vere vekke, seier Hollund.