Hopp til innhold

Skal granske det nye naudnettet

Veritas skal finne ut om det nye naudnettet fungerte godt nok under stormen «Tor».

Ødeleggelser etter Tor

KNUST: Slik såg det ut på Åfarnes i Møre og Romsdal morgonen etter at ekstremvêret «Tor» hadde herja langs kysten.

Foto: Jan Tore Flovikholm

– Vi vil vere betre rusta når neste storm treff oss, men då treng vi meir kunnskap, seier Eline Paxal i Direktoratet for nødkommunikasjon.

Då ekstremvêret «Tor» herja langs kysten i januar i år, blei det den første store prøva for det nye naudnettet, etter at det blei landsdekkande.

Fleire plassar låg naudnettet i periodar nede under stormen, og ordførarar i fleire kommunar har sagt at dei er uroa for neste storm.

Store øydeleggingar

«Tor» førte til ei rekkje materielle skadar, særskilt i kystkommunar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland.

Kring 60.000 husstandar var utan straum i periodar medan ekstremvêret herja. Norske forsikringsselskap fekk inn over tusen meldingar om bygningsskadar.

Men også naudnettet blei råka av ekstremvêret.

Naustet er knust av eit tre
Foto: Privat: Jan Tore Flovikholm

Avgjerande i krise

I Norge var det totalt 121 basestasjonar som hadde nedetid under ekstremvêret. I Sogn og Fjordane var det totalt 33.

Det nye naudnettet blei opna for kommunikasjon mellom beredskapsetatane i Norge i desember i fjor.

Kring éin månad seinare, under ekstremvêret «Tor», spelte naudnettet ei avgjerande rolle for at etatane kunne fungere saman i ein kritisk situasjon.

– «Tor» var den første store stormen etter at naudnettet blei teke i bruk. Difor er det særs interessant å sjå kva som fungerte og eventuelt ikkje fungerte med tanke på stormen, seier Paxal.

Førebels rapport

I den førebelse rapporten går det fram at transmisjon var den største utfordringa for naudnettet.

– Vi er basert på bruk av eksisterande infrastruktur. Den er sårbar for straumbrot. Når straumen går ned, vil også naudnettet bli påverka av dette.

Straumleverandørar, ambulansetenesta og fylkesberedskapstenesta er nokre av dei som blir undersøkt i granskinga.

– No vil vi sjå om det er noko vi kan gjere for å forbetre oss, seier Paxal.

Den endelege rapporten skal vere klar i løpet av mai.