Dette vil få konsekvensar, seier ordførar Kåre Olav Svarstad, etter kommunestyremøtet tysdag. Han vil no granske kven som er ansvarlege for byggjeskandalen. Kommunestyret vil forlange klare analyser på kva som har gått gale, kvifor det har gått gale og kvifor det ikkje vart handla for å motvirke at ein kom opp i slike enorme overskridingar, seier han.
Har mangla styring
Det var kanskje ikkje noko stor overrasking for politikarane i Bremanger at nye rekneskapstal no syner at overskridingane på byggjeprosjektet berre aukar. For så langt har styringa av byggjeprosjektet likna ein utemd villhest. Så langt har heile prosjektet kosta 15,6 millionar kroner meir enn planlagt. Og politikarane har ikkje kjent til overskridingane før bygget var om lag ferdigstilt. Difor har det kome krav frå alle kantar om å kartleggje ansvaret for villstyringa av prosjektet.
Meir oppfølging
- Viss det viser seg at det er nokon som ikkje har gjort jobben sin midt oppi dette, så må vi reagere på ein eller annan måte, seier ordføraren. Kanskje vi må forandre på reglement og instruksar, og ha ei byggjenemnd med meir oppfølging og rapportering, seier han.