Hopp til innhold

Hasteoppdrag frå UDI - skal gjere omfattande kartlegging av moglege mottak

Fylkesmennene over heile landet har fått ei enorm oppgåve av UDI og DSB. Før måndag skal dei kartlegge moglege lokale for innkvartering av flyktningar i alle landets kommunar.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

KARTLEGGING: Fylkesmann Anne Karin Hamre har på oppdrag frå UDI og DSB sett i gong ei omfattande kartlegging av moglege lokale for innkvartering av flyktningar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– I første rekke skal vi skaffe til vege ei oversikt over lokale i fylket som er eigna for kortsiktig bruk, seier fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane.

Ho er ein av 19 fylkesmenn som dei komande dagane har ei stor oppgåve føre seg. Utlendingsdirektoratet (UDI) og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) treng ei oversikt over lokale som kan brukast til både kort- og langsiktig innkvartering av flyktningar.

Bakgrunnen er den auka tilstrøyminga av migrantar, flyktningar og asylsøkjarar.

– Det er veldig mange flyktningar som no kjem til landet og det vil merkast i alle fylke. No handlar det først og fremst om å skaffe dei tak over hovudet, seier Hamre.

Nedlagde skular og sjukeheimar

Oppdraget til fylkesmennene frå UDI og DSB er i første omgang å finne lokale som kan busette flyktningar og asylsøkjarar på kort sikt, men også å finne bustader som er eigna for ei meir langsiktig busetjing.

Døme på lokale som kan eigne seg er nedlagde sjukeheimar, skular, nedlagde hotell og tomme militærleiarar, seier Hamre.

– Vi må no ha to tankar i hovudet. Vi må også jobbe for å greie busetje dei flyktningane som får opphaldsløyve og jobbe godt med integrering for dei, seier ho.

Treng hjelp frå kommunane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har no kalla inn alle kommunane i fylket til eit hastemøte fredag.

– Det er viktig at kommunane no spelar på lag med private aktørar og frivillige organisasjonar og alle andre som måtte ha oversikt i kommunane. Vi må også involvere fylkeskommunen som eig mykje eigedom i fylket vårt, seier Hamre.

Fylkesmennene har i første omgang fått frist til måndag med å skaffe ei oversikt over alle umiddelbart kjente lokale. Innan neste fredag skal dei ha klar ei grundigare kartlegging av alle ikkje-kjente lokaler.

Det blir understreka frå UDI og DSB at oversikta over moglege lokale ikkje er å rekne som bindande avtalar om at desse skal brukast som mottak.