Hopp til innhold

Skal gjera store investeringar på Førde lufthamn

Avinor har vedteke å investere i nytt driftsbygg på Førde lufthamn. Byggestart vert alt til våren.

Førde lufthamn, Bringeland

RIVING: Store deler av bygninga til venstre på Førde lufthamn skal rivast og det skal byggast opp mot 1300 kvadratmeter med nytt bygg.

Foto: NRK

Det gamle driftsbygget på flyplassen er frå 1986 og tilfredsstiller ikkje dagens krav til HMS og krav om utslepp.

– Lufthamna er bygd på ein enkel måte og vi har brukt mykje tid på å få bukt med utsleppskrav som ikkje var der då flyplassen vart bygd. Det kjem i orden no, seier Kjell Otto Gjesdal, lufthamnsjef på Førde lufthamn.

– Det betyr at vi får løfta infrastrukturen som er naudsynt for å driva flyplassen. Det er snakk om blant anna ny brannstasjon, verkstad og mannskapsrom.

Planlagt oppstart for arbeida er vår 2018 og om lag 1 år byggetid. Arbeidet skal etter planen lysast ut i nær framtid og prisen vil passera 20 millionar.

For to år sidan fekk flyplassen på Bringeland, saman med Sandane lufthamn, beskjed om at dei ikkje vart lagt ned og fekk fire nye år.