Hopp til innhold

Dei gir kvarandre handa 11.11.11 - men klokka 11 vart litt tidleg

Marius og Miriam har vore kjærastar i over fem år. Når dei gir kvarandre sitt ja blir det på ein dato alle vil huske, nemleg 11.11. 2011.

Miriam Frantsvåg og Marius Schei Hansen

FORELSKA: Miriam Frantsvåg og Marius Schei Hansen er tydeleg forelska og gler seg til bryllaupet 11.11.11.

Foto: Tore Øyvind Moen/Varden

Det unge kjærasteparet har tenkt på å gifte seg ei stund, men det har liksom ikkje blitt. Når dei først sette ein dato, blei det den nest siste trippeldatoen dette hundreåret.

– Det er litt kult å gifte seg 11.11.11, seier brura Miriam Frantsvåg til avisa Varden.

Marius Schei Hansen frå Sandane møtte kjærasten Miriam då dei begge studerte i Bergen. No har paret fått ei lita dotter, Natalie og har flytta tilbake til Porsgrunn der Miriam kjem frå.

Dei to er djupt forelska og har lenge kalla seg mann og kone, men no blir det litt meir på ekte. Dagen kjem dei for alltid til å huske, og ein spesiell dato gjer det litt enklare.

Populært med trippeldato

I morgon står dei pynta i Statens Hus og skal gje kvarandre sitt ja, og det på ein litt spesiell dato. 11.11.11 er nemleg årets trippeldato, og faktisk den nest siste før neste hundreårsskifte.

Slike trippeldatoer har vist seg å vere populære når folk skal gje kvarandre sitt ja, og landet rundt er det mange par som nyttar høve til å la seg smi i hymens lenkjer.

For nokre år sidan var det over 1000 par som gav kvarandre sitt ja den 08.08.08.

Vielser på spesielle datoer

 År

  Dato

Ukedag

Antall vielser

2008

08.08 

Fredag

1051

2009

09.09

Onsdag

247

2010

10.10

Søndag

120

(Artikkelen held fram under biletet)

Miriam Frantsvåg og Marius Schei Hansen

BRUDEPIKE: Dottera Nathalie på 16 månader skal vere brudejente når foreldra gir kvarandre sitt ja klokka 14. – Klokka 11 vart nemleg litt tidleg, ler det framtidige brureparet.

Foto: Tore Øyvind Moen/Varden

Eitt litt praktisk val av dato

At det vart nettopp denne dagen for Marius og Miriam er ikkje berre fordi det er ein lett dato å huske.

– Sidan eg har familie som skal kome heimefrå, måtte vi ha det anten ein fredag eller ein laurdag, så då valde vi fredag. No kan vi samle både familie og vener, seier brudgommen til NRK.no.

Samtidig vedgår han at det er ein lett dato og huske. Men å skulle gje sitt ja klokka 11, det vart ikkje noko av.

– Det fant vi ut at vart ein smule tidleg, ler Marius.

– Ein spesiell dag, uansett

Han gler seg til å sjå si framtidige kone i brudestasen og er ikkje i tvil om at det blir ein fin dag heilt uavhengig av datoen.

– Datoen er spesiell og mange vil nok seie at det gjer noko med dagen. Men eg er ikkje i tvil om at dagen blir veldig bra, uansett, seier Schei Hansen til NRK.no.