Skal gå gjennom tilsettingar

Vågsøy kommune skal gå gjennom rutinane ved tilsetting og rette opp eventuelle feil. Det er konklusjonen etter at administrasjonsutvalet i kommunen drøfta Utdanningsforbundet si uro knytt til tilsettingskulturen i kommunen. Utdanningsforbundet meiner ei rekkje tilsettingar innan barnehage- og skulesektoren i Vågsøy ikkje er gjort etter boka. Rådmannen har avvist at dette er tilfelle. No blir det ein gjennomgang, i tillegg til at rådmannen også skal lage ei stillingsoversikt over fast tilsette og vikariat i kommunen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune