Hopp til innhold

Skal fotografere alle i Vik

Bur du i Vik kan du rekne med å bli kalla inn til fotografering med det første. For Helge Grønningseter og Vik lokalhistoriske arkiv har sett seg føre å ta bilete av alle innbyggjarane.

Folk frå Hove og Voll på Moahaugane på Hove

STILLER TIL FOTOGRAFERING: Folk frå Hove og Voll på Moahaugane på Hove, her ved den største gravhaugen som heiter Storehaugen.

Foto: Helge Grønningsæter

Ideen kjem frå Arne Inge Sæbø, som i mange år har arbeidd med lokalhistorie i Vik.

– Vi vil fotografere alle som bur i Vik. Det vil seie, alle greier vi vel ikkje å nå, men vi vil fotografere grendevis. Vi legg ut innbyding i postkassane og ber folk om å møte til dømes i Hopperstadmarki eller Prestberget til det og det klokkeslettet, og så blir det teke gruppefoto, seier Sæbø.

Inspirert av Apneseth

Dei startar med kommunesenteret Vik, så kjem turen til dei andre bygdene i kommunen. Sæbø fekk ideen då han jobba med gamle foto i Vik lokalhistoriske arkiv og i arbeidet med å redigere det lokalhistoriske tidsskriftet Pridlao.

– Då kjem eg ofte borti eldre foto med store ansamlingar av folk i delar av bygda. I tillegg er eg inspirert av det Oddleiv Apneseth har gjort i Jølster. Ein ting er at det er verdfullt i dag, men eg tenker også framover på kor verdfullt dette vil bli om 50 eller 100 år å sjå slike gruppebilete frå Vik anno 2015.

Folk stiller til fotografering i Hopperstadmarki bustadfelt

SKAL FOTOGRAFERAST: Folk i Hopperstadmarki bustadfelt er klare for fotografering.

Foto: Helge Grønningsæter

– Populært med gamle bilete

Men i Vik har dei ikkje ambisjonar om å konkurrere med Apneseth når det gjeld komponering av bileta, seier Sæbø.

– Vi er ikkje ute etter spesielle oppstillingar av folk, det som tel er å få med folk. Men vi tenker litt på bakgrunnen. På eitt bilete var stavkyrkja i bakgrunnen.

– Kvifor er det så viktig å dokumentere dette for framtida?

– Vi ser kor populært det er å sjå på gamle bilete og folk som har levd i bygda tidlegare. Ein dokumentasjon med namngjeving av dei som budde her i 2015 tykkjer eg er verdfullt.

Utstilling til hausten

Og Arne Inge Sæbø reknar ikkje med at dette skal bli eit spesielt dyrt prosjekt.

– Helge Grønningseter er hobbyfotograf og skal ikkje ha noko for arbeidet. Dei einaste kostnadene er tida som går med og så litt til kopiering og fotopapir. Og sjølvsagt kan folk få kjøpe bileta.

Til hausten blir det ei utstilling med alle gruppebileta, det er og planar om å publisere bileta på nett. Om dei seinare skal samle dei i bokform har dei ikkje teke stilling til enno.