Får 30 millionar kroner til å forske på femteklassingane

Høgskulen i Sogn og Fjordane får 30 millionar kroner til å forske på fysisk aktivitet og læring blant femteklassingane i fylket.

Elevar ved Trudvang skule kombinerer fysisk aktivitet og matte

KOMBINASJON: Forskarar skal no finne ut om det er samanheng mellom fysisk aktivitet og læring.

Foto: Wantana Tierney

Forskingsleiar for institutt for idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jostein Steene-Johannessen, seier dette er ei fjør i hatten for forskingsmiljøet i fylket.

– Dette gir først og fremst store moglegheiter for å auke forskingsverksemda ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og betre moglegheit til å konkurrere forskingsmessig med universiteta, seier han.

– Klar samanheng

Geir Kåre Resaland

NØGD: Forskar Geir Kåre Resaland.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Forskingsprosjektet som no har nådd opp i konkurranse med 61 søkjarar, har vore testa ut ved Trudvang skule i Sogndal . Forskar Geir Kåre Resaland meiner det er klar samanheng mellom fysisk aktivitet i skulekvardagen, og gode faglege prestasjonar.

I vår søkte dei om 30 millionar kroner til å gjennomføre prosjektet. No er dei eitt av åtte prosjekt som får middel til å starte opp.

– Det er mange som føler, meiner og tenkjer at dersom du er meir fysisk aktiv, så fungerer hjernen betre. Men røynda er at det i dag ikkje er gode nok forskingsprosjekt som viser dette. Eg trur ein av grunnane til at vi har fått dette er at vi vil vise dette strengt vitskapeleg, seier Resaland.

Startar neste år

Resaland seier prosjektet startar opp hausten 2013 og vil gå over ein periode på eitt år. I løpet av denne tida vil forskaren sjå på samanhengen mellom fysisk aktivitet og læring.

I mars i år fortalde Resaland om håpet om å kunne få alle 100 skular i fylket med på prosjektet, der halvparten følgjer opplegget til Trudvang skule med 60 minuttar kvar dag med fysisk aktivitet.

  • LES OGSÅ:

– På denne måten kan vi prøve å måle skuleprestasjon, trivsel og ein del andre ting, sa Resaland.

Når «alle»

Ein annan som trur det er ein årsak mellom fysisk aktivitet er rektor ved skulen, Bjarte Ramstad.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Dagleg fysisk aktivitet i skulen gir betre form

SJÅ TV-SAK: Trudvang skule har lenge samarbeidd med Høgskulen om fysisk aktivitet.

Han meiner mellom 30 og 60 minuttar dagleg fysisk aktivitet er årsaka til at skulen gjer det godt på dei nasjonale prøvane.

– Vi meiner at vi ser resultat. No når vi også fram til dei som vi kanskje ikkje alltid når i klasserommet, sa Ramstad til NRK.no i mars.

– Eit flott laboratorium

Resaland skildrar Sogn og Fjordane som eit «flott laboratorium» for å få forska på samanhengen.

– Det er små nok forhold til at vi kan få alle med, men stort nok til å generalisere ut, seier han.

Prosjektet er eit samarbeid med Idrettshøgskulen, men også forskingsmiljø i utlandet vil vere blant samarbeidspartnarane.

– Det er klart at vi i Høgskulen Sogn og Fjordane ikkje er store nok til å gjere eit slikt prosjekt åleine. Då må vi ut og samarbeide med andre, seier Resaland.