Hopp til innhold

Skal erobre verda med spesiallaga øyrepluggar

Dennis Ottesen Lien og kollegaene i Aglaia har sett seg som mål å revolusjonere øyrepluggteknologien.

Aglaia

GRÜNDERAR: Frå venstre: Espen Johansen, Stian Valand-Lie, Petter Aron Høyer-Fjellstad, Kjetil Villanger, Bendik Nordvik og Dennis Ottesen Lien.

Foto: Privat

– Øyrepluggar og leidningar blir fort øydelagde og det er noko som eg har irritert meg over heilt sidan eg fekk mitt første sett, seier 21-åringen frå Fjaler.

Saman med kollegaene i Aglaia har han utvikla ein teknologi som gjer det enkelt å byte ut deler på øyrepluggane, anten det no er noko som har gått sund eller fordi du rett og slett ynskjer andre fargar eller betre kvalitet.

– Vi har utvikla verdas første modulbaserte øyreproppteknologi, seier Ottesen Lien.

Studia på vent

Øyreproppar

MODULBASERTE: Leidningar og deler på øyrepluggane skal enkelt kunne skiftast ut.

Foto: Pressebilete

I utgangspunktet starta Ottesen Lien selskapet saman med Petter Aron Høyer-Fjellstad for å finansiere studia. Etter at dei kom på ideen om øyreproppane må studia finne seg i å spele andrefiolin.

– Det har balla på seg, no er vi åtte stykk i teamet. Nokre midt i studia, andre er akkurat ferdige. Det er ingen lett jobb å få dette til å gå rundt, men det går, seier Ottesen Lien.

Internasjonal satsing

Med seg på laget har dei også innovasjon Norge, samstundes som dei held til i Nyskapingsparken i Bergen.

Dennis Ottesen Lien

NY TEKNOLOGI: Dennis Ottesen Lien.

Foto: Privat

– Her er det eit veldig godt miljø for gründerar. I tillegg har vi eit godt samarbeid med produsentane våre i Sverige, USA, ja vi har mange gode partnarar over heile verda som hjelper oss.

Målet er å ha eit produkt på marknaden i løpet av året.

– Vi er veldig nærme no. Dersom ikkje noko går heilt gale så håpar vi å kunne få produktet på marknaden etter sommaren ein gong, seier Ottesen Lien.