Hopp til innhold

Skal du ta buss frå Skei til Førde, må du til Fjærland først ...

Viss du seint ein laurdagskveld har behov for å ta buss frå Skei i Jølster til Førde, må du først ta buss i motsett retning, til Fjærland, og så byte buss der. Det gjer ein tur som elles tek 40 minutt til ei reise på 2 timar og 20 minutt.

Må først reise i feil retning for å komme til Førde

HIT OG DIT: I rutetabellen står det tydeleg at skal du mellom Skei og Førde ein laurdags kveld, må du til Fjærland først.

Foto: skjermdump

Det er om lag 4,3 mil mellom Skei i Jølster og Førde. Skei er eit knutepunkt der svær mange bussar går forbi. Men skal du med bussen som kjem frå Oslo og passerer Skei i 23-tida laurdag kveld, får du nemleg ikkje lov til å gå på bussen på Skei.

Løysinga vert då å gå på bussen i Fjærland.

Så er du på Skei, og skal til Førde, så må du først ta buss til Fjærland klokka 21.20, dryge tre mil i heilt feil retning.

Må vente i 40 minutt

Vel framme i Fjærland må du vente 40 minutt, før du kjem deg på bussen som kjem frå Sogndal og skal forbi Skei (der du nettopp har vore, men ikkje får lov til å gå på bussen) på veg til Førde.

Marknadssjef for Nettbuss Ekspress, Svein-Arne Vik, kjenner vagt til problemstillinga.

– Eg meiner det har vore slik i mange år. Så vidt eg veit, skuldast dette uro på bussen på grunn av folk som skal på fest. Eg trur det er det som er grunnen, seier Vik.

Svein Arne Vik

HAR VORE URO: Marknadssjef for Nettbuss Ekspress, Svein-Arne Vik, seier omsynet til dei som reiser langt går framfor lokal trafikk.

Foto: Ove Sveen / Fjordingen

– Men det er jo også andre som har behov for transport. Er det ikkje litt vel tungvint å måtte ta buss i motsett veg, og så vente 40 minutt for å komme seg dit ein vil?

– Jau, eg ser at det kan høyrast litt tungvint ut, seier Vik.

Skal tene behova til dei som reiser langt

Han peikar på at når dette vart bestemt vart det truleg gjort av omsyn til dei langvegsreisande på bussen.

– At kort trafikk må vike er naturleg. Først og fremst skal ekspressbussane tene behova til dei som reiser langt. Denne ordninga trur eg har vore her lenge, så folk i nærområdet er klar over korleis ruta fungerer, seier Vik.

– Men er dette noko det kan bli endring i?

– Ingenting er skrive i stein. Men rutetabellen gjeld iallfall ut året. Det er alltid avvegingar som må gjerast, og eg veit at det er likande problemstilling også på andre ruter, seier Vik.