Normal

Skal du i juleselskap? Vask hendene, er rådet frå legen

I takt med julestresset kjenner mange på at halsen tettar seg til, eller at feberen kjem sigande. Juleselskap kan ofte vere smittekjelda for juleinfluensaen.

Juleselskap

SMITTEKJELDE: Jula med mange selskap og sosiale lag er stadar der influensasmitten kjem snikande.

Foto: Colourbox

– For dei som skal i juleselskap er det nyttig med ekstra fokus på å vaske hendene, seier kommuneoverlege i Førde, Øystein Furnes.

Jula er høgtid for både selskap og sjukdom. Kombinasjonen av desse to kan gi deg årets juleinfluensa.

I desember er vi inne i ein høgsesong for den smittsame sjukdomen. Ofte kjem tett nase og feber som julekvelden på kjerringa når du treng det som minst.

– Årets influensa kjem mellom jul og nyttår. Influensaen kjem på vinteren når vi er innandørs og har meir kontakt med kvarandre, seier Furnes.

Kommuneoverlegen har fleire råd til deg som skal i selskap, eller til ein stad der det er samla mykje folk.

– Host i albuen og pass på hygienen, seier han.

Handvask

VASK DEG: Vask hendene og host i albuen, seier kommuneoverlege i Førde kommune, Øystein Furnes.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Førekomsten av influensa vil auke fram mot jul, men det store utbrotet let truleg vente på seg til etter nyttår.

– Vi nærmar oss toppen, men det kan likevel vere lurt å vaksinere seg no, seier Furnes.

På landsbasis blir årleg nærare 1,5 millionar menneske anbefalt å vaksinere seg mot influensa.

– Det er på langt nær nok som vaksinerer seg. På landsbasis er det kring 25 prosent av personane i risikogruppa som tek influensavaksine. Det burde vore fleire, meiner han.

Risikogruppa gjeld dei som er over 65 år, personar med kroniske lidingar eller tilsette i helsevesenet.

– På vinteren er ein generelt meir utsett for smitte. I Noreg får vi det vanlegvis influensaen då, sjølv om ein kan få det heile året.

Øystein Furnes

LURT MED VAKSINE: Kommuneoverlege i Førde, Øystein Furnes, seier det kan vere lurt å vaksinere seg mot influensa.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune