NRK Meny
Normal

Skal drøfte akselløft med minister

Lastebilnæringa får no møte samferdsleministeren for å diskutere konsekvensane av ei innstramming i praksisen med akselløft på vogntog. Sjåførane og næringa fryktar kaos og seier det hastar med ei avklaring.

Akselløft

KNAPP: Med ein knapp på dashbordet kan sjåføren lett overføre meir vekt til drivakslingen og på den måten få meir trykk på drivhjula. Slik sikrar dei seg betre veggrep på glatte og bratte vintervegar. No skal næringa diskutere dette med ministeren.

Foto: Montasje: Eva Marie Felde / NRK

Sjeldan har norske lastebilsjåførar blitt så engasjerte i ei sak, kunne den lokale leiaren i Lastebileigarforbundet melde om tidlegare i veka.

Sjåførane fryktar kaos på vegane og næringa har bede om eit møte med ministeren. Det skal dei no få.

Står steilt mot kvarandre

Saka som har sett sinna i kok hos sjåførar og bileigarar er Vegdirektoratet si innstramming av reglane for akselløft på vogntog.

I fleire tiår har sjåførane med eit lite tastetrykk kunne overføre ekstra vekt til drivakslingen på bilen, slik har dei sikra at dei kjem seg fram på bratte og glatte vintervegar.

Men no vil altså Vegdirektoratet stramme inn praksisen. Dei viser til at reglane har vore der sidan 1998, men at dei ikkje har vore følgde.

Det skal framleis vere lov å overføre ei viss vekt til drivakslingen, men sjåførane kan ikkje køyre fortare enn 30 km/t. Ei slik grense for vekt og fart er ikkje nok svarar sjåførane og næringa. Dei er no svært fortvila og oppgidde.

«Hol i hovudet-politikk»

Geir Mo

HASTESAK: Geir A. Mo i Norges Lastebileigarforbund vil ha ei avklaring i saka så snart som mogleg. - Vinteren er her allereie, seier han.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX
Marit Arnstad

MØTE: Samferdsleminister Marit Arnstad har no invitert næringa til eit møte.

Foto: Haakon Wærstad / NRK

Næringa fryktar dei norske lastebilane skal bli ståande faste og føre til kaos, medan Vegdirektoratet på si side nektar for at dette vil bli noko problem.

Dei to står steilt i mot kvarandre og det er tydeleg svært ulike meiningar rundt problemstillinga.

– Sjåførane synst det er hol i hovudet-politikk. Dei trur ikkje dei som bestemmer veit kva dette kan føre til, sa fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund, Per Andreas Øren til NRK.no tidlegare denne veka.

Skal utveksle erfaringar

Næringa har bede om eit møte med samferdsleministeren. Norges Lastebileigarforbund og administrerande direktør Geir A. Mo seier det hastar med ei avklaring.

– Vinteren er her allereie, og norske lastebilsjåførar risikerer å bli ståande faste på glatt føre dersom bruk av akselløft ikkje skal vere lov, seier Mo.

Og no har han fått svar frå samferdsleministeren. Marit Arnstad har invitert representantar frå lastebilnæringa til eit møte i midten av november.

Ifølgje pressemeldinga frå departementet skal ein under møtet utveksle erfaringar og synspunkt rundt bruken av akselløft. Vegdirektoratet skal også vere med på møtet.

– I møtet skal vi også drøfte kva handlingsrom ein har for tilpassingar og handheving av bestemmingane i dagens regelverk. Det er viktig at vi får ei nærare avklaring på dette, seier Arnstad.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

KRANGLAR: Vegdirektoratet og norske lastebilsjåførar har svært så forskjellige oppfatningar av kva ei innstramming vil føre til. Sjå TV-saka.