Hopp til innhold

No får Maren og Hannah danse med superstjerna

Maren og Hannah frå Dale er to av ti som er plukka ut til å danse saman med den store songstjerna Isac Elliot under Norway Cup. Over 600 deltok i dansekonkurransen.

Skal danse med Isac Elliot

GLER SEG VELDIG: Maren Johansen Myklebust og Hannah Christine Baust Erdal skal danse saman med superstjerna Isac Elliot.

Foto: Gunnhild Årdal / Terje Bendiksby / NRK / NTB-Scanpix

– Dette er sånt som skjer med andre. Det skjer ikkje med oss, seier Maren Johansen Myklebust og Hannah Christine Baust Erdal frå Dale i Sunnfjord.

Dei har vore ivrige fans i eit par år no. Då radiokanalen NRJ lyste ut ein konkurranse der vinnarane skulle få vere bakgrunnsdansar for den finske tenåringsstjerna Isac Elliot, var 15-åringane snare. Deltakarane måtte sende inn 15 sekund av ein dansevideo på bilettenesta Instagram, og koreografien var bestemt på førehand.

– Vi bestemte oss for å lage ein video og øvde i tre dagar. Vi fekk nokon til å filme oss og så kasta vi det ut på Instagram. Vi øvde heile dagane, seier jentene.

Trudde ikkje det var sant

I helga kom svaret dei hadde venta på. Fredag fekk dei beskjed om at dei var finalistar, men laurdag vart det endeleg klart at dei var to av ti som skulle få entre scena saman med den finske stjerna under Norway Cup på måndag.

– Vi blei ekstremt glade, og vi trudde ikkje det var sant, seier dei.

(Saka held fram under videoen)

Maren Johansen Myklebust og Hannah Christine Baust Erdal er to av ti som er trekt ut til å danse med Isac Elliot under Norway Cup.

VINNARVIDEOEN: Slik kom Hannah Christine Baust Erdal (til venstre) og Maren Johansen Myklebust seg blant topp ti. Snart skal dei danse med sjølvaste Isac Elliot.

Begge to har erfaring med dans. Hannah er instruktør i «Dans utan grenser» som finnast over heile landet. Maren har også vore med her. Likevel møtte dei tøff motstand, og dei følgde nøye med på kva konkurrentane hadde å by på. Difor vart det ei utfordring når dei berre kunne ha med 15 sekund av dansen sin, som er den maksimale lengda for videoar på Instagram.

– Det var mange flinke, så vi brukte lang tid på å velje ut sekunda vi skulle ha med, seier Maren.

Har møtt helten fleire gonger

No gler dei seg til å kunne møte idolet, men det blir ikkje det første møtet. I tillegg til å ha fått svar på meldingar både på Facebook og Twitter har Hannah møtt finnen seks gonger tidlegare, medan Maren har møtt han to gonger.

Begge har vore på fleire konsertar, og dei har også møtt opp på flyplassar og utanfor hotell for å sikre seg eit glimt eller meir av Elliot. Då han skulle komme til Bergen fann dei ut når første framkomst var og møtte opp då. Det enda med både fotoseanse og ein prat.

– Eg synest han er veldig hyggeleg, og han verkar veldig jordnær. Han tek seg alltid god tid til fansen, seier Hannah.

At dei skal danse med det som kan kallast Europa sitt svar på Justin Bieber er ikkje det einaste jentene gler seg over. Dei skal trass alt også få danse for eit stort publikum.

– Eg trur det blir kjempekjekt. Eg gler meg veldig mykje, seier Hannah.