Hopp til innhold

Vil ha hjelp til å byggje fylket i Minecraft

Korleis ser fylket ut, bygd i digitale legoklossar? NRK Super skal byggje Norge, men treng dugnadshjelp frå Sogn og Fjordane.

Skjermbilde fra Minecraft

DIGITAL DUGNAD: Minecraft er eitt av verdas mest populære dataspel. Med legoliknande byggjeklossar kan du byggje kva som helst. NRK Super vil ha hjelp til byggje alle Noregs fylke.

Foto: Bojang

NRK Super er i gang med kanskje den største digitale byggjedugnaden i Noreg. Dei vil gjenskape alle fylka i spelet Minecraft.

Baibai og Huginn i FlippKlipp

DUGNADSDUO: Jonas Lihaug Fredriksen (t.v.) og Henrik Hildre, alias Baibai og Huginn i FlippKlipp.

Foto: NRK

Vi skal samle heile Noreg til å byggje Norge. Kvart fylke får sitt eige område som dei skal fylle med store og små byggverk som skal representere fylket.

– Det er skuleklassar, vennegjengar og familiar som skal byggje på direkten i 12 timar, fortel programleiar Henrik Hildre.

Saman med Jonas Lihaug Fredriksen leier han NRK Super-programmet FlippKlipp. No skal dei også leie det nyaste sakte-TV-konseptet til NRK.

Operahuset

BYGGJETIPS 1: Kan Operahuset på Nordfjordeid la seg gjenskape i Minecraft?

Foto: Øystein Torheim

– Det er veldig kult. For i tidlegare sakte-TV-produksjonar har gjerne foreldra måtte forklare borna kvar ein er, og kva ein ser. Men her kan borna sjølve få forklare til foreldra, fortel Lihaug Fredriksen.

Sendinga skal gå direkte i 12 timar på NRK 3 den 25. juni.

– I tillegg skal vi ha ei samsending på Yotube, der vi går litt bak kulissane, supplerer Hildre.

Populært

Urnes stavkyrkje

BYGGJETIPS 2: Urnes stavkyrkje i Luster er eit nasjonalsymbol. Er den like praktfull i digitalt format?

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Minecraft er eitt av dei mest populære spela i verda. I 2014 var det selt i over 14 millionar eksemplar. Enkelt forklart er det digitalt lego; virtuelle byggjeklossar som kan brukast til å skape kva som helst.

Det er utruleg populært. Det har eksplodert blant unge. Men det er folk i alle aldrar som spelar det.

Vil ha folk frå fylket

Vi vil veldig gjerne ha fleire deltakarar frå Sogn og Fjordane. Det er det fylket med færrast påmeldte, seier Hildre.

– Vi skal kåre årets fylke på slutten av sendinga. Og der håpar vi Sogn og Fjordane vil gjere det sterkt. Så vi håpar mange fleire vil melde seg på.

– Eg trur det blir utruleg gøy, og ei oppleving for heile Noreg.

– Mamma er med

Fosshaugane Campus

BYGGJETIPS 3: Fosshaugane Campus i Sogndal er fylkets største idrettsanlegg. Korleis kan det byggjast i Minecraft?

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det skal vere gjestar og artistar. Men alt skal føregå inne i Minecraft. Så alle gjestane får sine eigne avatarar, som blir intervjua inne i spelet, fortel Jonas Lihaug Fredriksen.

Kven kan vere med?

Alle! Mamma skal faktisk vere med. Ho vil byggje ein vikingslandsby frå vårt fylke. Det er inga aldersgrense. Vi skal samle Norge, sprudlar programleiar Henrik Hildre.