Hopp til innhold

Skal bygge ny vikingby i Gudvangen

Byen som skal vere klar i 2017, skal vise fram handelen og livet for over tusen år sidan.

Hovdinghus vikinglandsby i Gudvangen

HOVDINGHUSET: Eitt av husa i vikingbyen, som inntekter frå turistane i Gudvangen etter kvart skal betale.

Foto: GUAS

Arbeidet med å bygge ein ny vikingby i Gudvangen vil byrje i august. Planen er å vise fram vikinghistoria frå Gudvangen og området rundt, men òg generelt om vikingtida og om handel og handverk frå perioden.

Det er selskapet Gudvangen Utvikling som no set igang prosjektet om vikingbyen, som får namnet Njardarheimr.

Stor handelsplass

– Tilbake til Gudenes Vang var det ein samlingsplass for sommarmarknad, og det var ein viktig handelsplass. Og vikingfunn i området tyder på at det var ein stor befolkning der, seier styreleiar og prosjektutviklar Torill Hylland i Gudvangen Utvikling AS.

Njardarheimr, vikingby i Gudvangen

NJARDARHEIMR: Slik skal vikingbyen ta seg ut om fire år.

Foto: GUAS

Planen er at ein vikingby skal stå klar til bruk alt i mai 2017, men i løpet av fire år vil alt det som no er planlagt stå ferdig.

– På sikt ser vi ikkje føre oss å slutte å byggje etter fire år. Det kjem stadig til nye idear som vi kan føye til etter kvart, seier Hylland.

– Turistane er her

Heile byen er budsjettert til å koste 25 millionar kroner, og det er meininga at turismen skal finansiere byen. Hylland meiner Gudvangen er ein god plass å etablere ein slik attraksjon.

– Med dei turistmengdene som alt er i Gudvangen, er det berre å opne dørene. Turistane er her, og vi er alt godt kjende som «Viking valley», seier ho.

Det har vore planar om vikingby i Gudvangen før, og tidlegare har det vore negative reaksjonar på planane. Hylland seier at ho og Gudvangen Utvikling ikkje har høyrt noko frå dei kritiske røystene denne gongen.