Hopp til innhold

– No skal eg bruke kreftene mine på Sogn og Fjordane

– Eg tykkjer det har vore ein god dag, men den er fylt av vemod. Det er ingen tvil om det. Men eg er mest fylt av takksemd og glede for at eg har fått vere med på ei fantastisk spennande reise i Senterpartiet, seier Liv Signe Navarsete.

Liv Signe Navarsete takker for seg

GJEKK AV: Måndag takka Liv Signe Navarsete for seg som Sp-leiar. Ho seier ho har mykje støtte og ser fram til vegen vidare.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

I 13 år har Liv Signe Navarsete vore ein del av Sp-leiinga. Dei seks siste åra som partileiar. I går var det slutt på den epoken då ho gjekk av som partileiar, men ho understrekar at ho enno er med.

– Det er enno ikkje slutt, det er viktig å markere det. Eg er stortingskvinne frå Sogn og Fjordane og får meir tid til å bruke kreftene på representere fylket. Det gler eg meg til, seier ho til NRK.no.

Gjorde det av kjærleik

Det har storma rundt Navarsete og Senterpartiet og 11. januar i år varsla Navarsete at ho ville gå av som Sp-leiar for å skape ro i partiet. Tre dagar seinare blei det klart at også nestleiarane og resten av sentralstyret stilte plassane sine til disposisjon.

I går heldt ho avskjedstalen sin på det ekstraordinære landsmøtet til Senterpartiet. Frå talarstolen forklarte Navarsete seg om kvifor ho følte det var rett å trekke seg.

– Å skulle klamre meg fast til makta er ikkje min stil. Eg gjorde det av kjærleik til partiet. Stadige angrep frå ulikt hald svekka meg som leiar, sa Navarsete frå talarstolen.

(Artikkelen held fram under biletet)

SP-toppane frå Sogn og Fjordane

FYLKETS REPRESENTANTAR: Delegasjonen frå Sogn og Fjordane frå Sogn og Fjordane under landsmøtet til Sp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Har mange saker ho vil jobbe med framover

I eit intervju med NRK etter talen seier ho har mange politiske saker ho vil engasjere seg i. Ho er stortingsrepresentant og medlem i utanrikskomiteen. Ho vil knyte ein link til det lokale i Sogn og Fjordane.

– Det som skjer globalt, vil påverke oss her heime. Det gjeld matproduksjon, mattryggleik, klima og miljø. Det har stor samanheng. I tillegg veit alle at eg levande oppteken av samferdsle distriktspolitikk. Eg har mykje å ta tak i og eg håper å få tid til å reise meir rundt i fylket enn eg har gjort på mange år.

Den siste tida har vore krevjande, ikkje berre på grunn av interne stridar i partiet. Ho har også slite med helsa.

– Det var ein strek i rekninga. Eg vakna ein morgon og var svimmel og kvalm. Eg har slite med virus på balansenerven, men no er eg mykje betre. Ikkje heilt pigg, men vil prøve å jobbe litt no.

Trur på opp og fram for Senterpartiet

Etter talen på landsmøtet i går, fekk ho ståande applaus og blomar. Navarsete seie det er mange som har takka ho.

– Eg føler eg har mange vener og mykje støtte. Eg trekte meg ikkje fordi eg følte eg mangla støtte., men det var noko med totaliteten rundt situasjonen som gjorde at det var rett det vi gjorde i dag. No er det ein restart i partiet og vi skal igjen få politikken på dagsorden.

– Kva tenkjer du om vegen vidare?

– Den går framover og oppover for Senterpartiet. Vi har eit viktig val neste haust. No må vi stå samla og drive politikk. Det trur eg 100 prosent av medlemmene i Senterpartiet er opptekne av at vi skal gjere no, seier ho.

Ingen frå fylket i Sp-leiinga

Etter gårsdagens val i Senterpartiet, har Sogn og Fjordane ingen valt inn i partileiinga.

Karoline Bjerkeset frå Gloppen var den einaste frå fylket som kunne bli valt inn, etter at Liv Signe Navarsete trekte seg. Ho var innstilt som første vara, som ville betydd at ho vart fast møtande i sentralstyret. Men under møtet på Lillestrøm i går blei ho valt som andre vara.

Fylket sin einaste representant i sentralleiinga er dermed Knut M. Olsen frå Jølster som er tilsett som generalsekretær. Tidlegare var også Bjørg Bergheim frå Jølster med i sentralstyret som leiar for Senterkvinnene. Ho gjekk av i helga.

Liv Signe forklarer hvorfor hun stilte plassen som parlamentarisk leder til disposisjon.

EXIT: Etter lang teneste er Liv Signe Navarsete si tid i Sp-leiinga no over. Men ho held fram som stortingsrepresentant.