Hopp til innhold

Skal bruka ni milliardar på vegane i Sogn og Fjordane

Fylkesvegane, riksvegane, europavegane og ferjesambanda i fylket vil få store utbetringar dei neste seks åra.

Trafikkdirigering Olden-Innvik

ARBEID: Fleire plassar i fylket vil det bli styrt trafikkavvikling dei neste åra grunna opprusting av vegane. Her frå fylkesveg 60 mellom Innvik og Olden der arbeidet med ny tunnel straks er ferdig.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Satsinga på vegane i fylket har gått opp jamt og trutt dei siste åra, men dette er historisk høge tal, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør Statens vegvesen.

I dag presenterte Vegvesen og Fylkeskommune kva samferdsleprosjekt dei jobbar med framover, og kva som får pengar dei neste seks åra.

Lang liste

Av dei ni milliardane skal det brukast om lag 5,3 milliardar på opprusting av riksvegane. Her ligg blant anna prosjekt som strekninga Bjørset-Skei på E39 langs Jølstravatnet, utbetringa av E39 mellom Myrmel og Sande i Gaular og skredsikring langs Kjøsnesfjorden på riksveg 5.

– Det har vore eit etterslep, spesielt på tunnelsikring. Der vil vi ta inn mykje i åra framover og berre på tunnelsikring vil det bli brukt om lag 1,3 milliardar, seier Helge Eidsnes som er regionvegsjef.

Utbetring av tunnelar på Europavegane vil nattestengde fleire titals tunnelar på Vestlandet fram til 2025. Også på fylkesvegane står fleire tunnelar på lista.

På fylkesvegane vil det også kome eit løft og det er sett av 3,5 milliardar dei neste fire åra.

– Den siste nye tunnelen på fv. 60 mellom Innvik og Olden opnar alt i neste veke. I tillegg skal det byggast ny tunnel i Stryn og vi ventar på ferjeavløysingsmidlar i Solund, seier fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Dina Lefdal.

Frå i år av vart ferjesambandet Anda-Lote på E39 i Nordfjord eit nullutsleppssamband med batteridrivne ferjer. Innan 2020 er planen å få på plass det same i Sogn, både på Fodnes-Mannheller og Dragsvik-Hella-Vangsnes. Til dette er det sett av 250 millionar til dette arbeidet.