Hopp til innhold

Det er eit godt teikn for Sindre at han må kjøpe nye bukser

Etter nær åtte år i 94 kilosklassen, tek Sindre Rørstabotnen steget opp i 105 kilosklassen. – 200 kilo i støyt ligg høgst på ynskjelista, seier vektløftaren.

Sindre Rørstadbotnen

BLIR STØRRE: Sindre Rørstadbotnen er samd med trenar Gunnar Reiakvam å gå opp ein vektklasse. – Vi er også begge samde om at 200 kilo ligg der som ei stor gulrot. No berre klør eg etter stemne der eg får kjenne på å løfte, seier Rørstadbotnen.

Foto: Rune Fossum / NRK

På norsk sokkel har naustedølen vunne det som kan vinnast i 94 kilosklassen. Og rekordar har han i fleng.

Sindre Rørstadbotnen bestemte seg etter senior-EM i april.

– Kurva har vore veldig bra og eg har framleis mykje å hente i 94 kilosklassen. Men etter å ha vore der i seks-sju, kanskje åtte år, så er det på tide å prøve noko nytt. Eg kan heller ikkje leggje skjul på at 200 kilo i støyt er høgste prioritet, seier han.

Har ein draum

I nyare tid er det ikkje mange i Norge som har fått æra av å få opp 200 kilo.

– Det er mogleg, men ville tatt lenger tid å klare det i 94 kilosklassen. No har eg 180 i støyt. Eg er ein god støytar og med ti kilo til på kroppen, så har eg knalltrua, seier han.

– Er målet å klare det i EM på heimebane?

– Det hadde vore klimaks til tusen. Mange tenkjer nok at eg er galen, og ristar på hovudet. Men med full klaff og skadefri trening så meiner eg det er mogleg.

– Eit puslespel

Rørstadbotnen har allereie måtte investere i nye bukser. No viser morgonvekta 98 kilo. Dei siste sju kiloane skal vere på plass til Nordisk i august.

– Eg tek det roleg så eg ikkje får alle kiloa på magen. Men det er like vanskeleg å gå opp og halde vekta, som det er å gå ned. Så fort eg sluntrar med kosten så går eg ned att, held han fram.

– Ja, det er vel ikkje berre berre å gå opp?

– Nei, det er eit puslespel og kjem ikkje av seg sjølv. Eg må tenkje på helsa når eg et, må halde på hurtigheita og må passe på så eg ikkje blir stiv og støl. Ein blir ofte klossete når ein går opp ein vektklasse, så det blir mykje tøying for å halde meg rørleg.

– Bør ikkje sove godt

– Tida framover trenar eg mest mogleg kropp, for å få kiloa til å leggje seg på lår, rygg, nakke og skuldrer, legg han til og vedgår at han ikkje er garantert å lukkast i satsinga si.

Utøvarar har stagnert etter å ha gått opp i vektklassar.

– Det er difor eg byrjar no. Går det ikkje rett ikkje rett veg, så er det å slange seg rett ned att i 95 kilosklassa til EM på heimebane. Men eg føler tida er inne for å braute meg litt med dei på 105. Og dei bør ikkje sove godt, avsluttar han.