Hopp til innhold

Dette skal bli eit løft for Sunnfjord

Arbeidet med Hafstadparken i Førde skrir fram og skal vere ferdig i løpet av 2014. Den skal gi eit løft til idretten og innbyggjarane i Sunnfjord.

Arbeidet med Hafstadparken i Førde skrir fram.

NÆRMAR SEG: Hafstadparken skal stå ferdig i løpet av 2014. Per Øyvind Storevik viser NRK rundt på anleggsområdet.

– Her kjem det noko for ein kvar smak, seier Per Øyvind Storevik.

Han er leiar for prosjektet og dagleg leiar i Førde idrettslag, ein av dei som står bak storsatsinga. Hafstadparken er eit område på nesten éin kvadratkilometer som skal romme mykje. Her er det lagt opp til alle slags aktivitetar.

– Denne parken er ikkje berre for idretten og Førde, den er også for alle innbyggjarane i Sunnfjord, seier Storevik.

Ser enden på prosjektet etter sju år

Per Øyvind Storevik

TIL FOR ALLE: Det seier Per Øyvind Storevik, dagleg leiar i Førde Idrettslag

Foto: Odbjørn Myklebust Opsal / NRK
Ole John Østenstad

KRYDRAR: Ole John Østenstad seier parken gjer området til ein attraktiv plass å bu.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK
Østenstad viser kartet

PERLE: Rådmannen trur det blir eit fint område

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

Det starta i 2007, og etter mykje arbeid med regulering av området og finansiering av parken, ser ein no enden på bygginga.

– Dette har vore ein gedigen dugnad mellom kommunen og idretten, fortel Storevik.

Eit stort klubbhus skal stå innflyttingsklart i midten av desember, og ein barnehage skal vere klar til skulestart i år. I tillegg til fotballbaner og forskjellige idrettsarenaer, blir det park med turområde og leikeplass.

To kunstgrasbaner stod klare i april 2013 og er allereie i bruk.

Eit løft for Sunnfjord

– Dette er eit anlegg veldig mange ser fram til, seier rådmann Ole John Østenstad.

Kommunen vil at parken skal vere for alle, i heile kommunen og i alle aldrar, ikkje berre organisert idrett. Dei er glade for at parken kjem.

– Det har eigentleg vore eit område som har vore litt utilgjengeleg for folk flest, men som no blir opna opp, og som eg trur blir ei skikkeleg perle, fortel rådmannen.

Budsjettet for området er ca. 100 millionar kroner. Kommunen har kjøpt tomta og står for infrastrukturen.

Prosessen, som starta i 2007, har no blitt ein realitet takka vere eit samarbeid mellom kommunen og den organiserte idretten. Idrettslaget finansierer anlegga saman med andre. Fylkeskommunen har bidrege, og pengar har kome både frå privatpersonar og verksemder i området.

– Ein har vore ute med kollektbøssa og fått utruleg flotte og mange bidrag, forklarer Østenstad.

Hafstadparken plan

SLIK SKAL DET BLI: Illustrasjonsplan for Hafstadparken.

Foto: Nordplan / Førde Kommune

Kan auke tilflyttinga

Det er viktig med eit godt omdømme for kommunen. Då er det naudsynt at tenestetilbodet frå kommunen er på plass, men det er andre ting som òg er viktige for å auke tilflyttinga.

– Det må vere noko meir, og Hafstadparken er med på å krydre menyen og gjer Førde til ein attraktiv plass å bu, seier Østenstad.

Like ved parken er det regulert eit område for 240 nye bustader, og Hafstad vil bli ein ny bydel i Førde.