Skal besøkje Fundo

Statsminister Stoltenberg kjem til Høyanger 19.mars.

Jens Stoltenberg

Jens Stoltenberg skal møte tidlegare Fundo-tilsette i Høyanger.

Foto: INGOLFUR JULIUSSON / REUTERS

Torsdag 19. mars skal statsminister Jens Stoltenberg møte dei tidlegare Fundotilsette i Høyanger, melder firda.no .

Det vert halde eit ope møte i kantina på Fundo etter møtet med dei tidlegare tilsette.

Ordførar Kjartan Longva seier at Stoltenberg også besøkte Fundo medan det framleis var full drift der, men at han no vil få sjå dei tomme fabrikklokala.

- Han veit kor viktig det er for oss å få til ny aktivitet, vi håper og den beste plassen å orientere han om dette er på Fundo, seier Longva til firda.no.

Også til Florø og Sande

Men statsministeren startar dagen i Florø der han skal besøke verftet STX Europe i Florø.

Deretter går turen til Sande der Gaular-ordførar Jenny Følling og distriktssjef Einride Normann Horstad i Vegdirektoratet ventar. Tema her blir opprusting av E39 mellom Førde og Vadheim.






Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.