NRK Meny
Normal

Skal besøke alle verdas land

Gunnar Garfors frå Naustdal har besøkt heile 159 land, men han gjev seg ikkje før han har nådd 198. Det reknar han med å ha klart innan utgangen av 2013.

Mikronesia

MIKRONESIA: 2011 kom med mange nye destinasjonar for Gunnar Garfors. Her er han i Mikronesia. Det blir minst like mange opplevingar i 2012 om han skal nå målet sitt om 198 land innan utgangen av 2013.

Foto: Gunnar Garfors

Den reiseglade sunnfjordingen er for tida i Den Dominikanske Republikk, og nyttårsaftan vart feira i hovudstaden Santo Domingo. Ei fantastisk oppleving, skal vi tru Garfors.

– Det var festar overalt. I bilar, i båtar, på hustak. Overalt. Det var lite rakettar, men folk tok det att på andre måtar.

Har besøkt 159 land

Mauritius

MAURITIUS: Det ser ikkje feil ut med sol og strand, men Garfors er ikkje den som har tid til å ligge i ro under ein parasoll.

Foto: Gunnar Garfors

No står Haiti, Surinam, Guyana, Antigua og Barbuda blant anna for tur. Og det er berre ein brøkdel av alle landa han har besøkt til no.

– Eg har vore i 159 land til no, men eg manglar framleis 39 land, fortel Garfors.

Av land han skal besøke reknar han dei 193 FN-landa og i tillegg fem land som er anerkjente av fleire av FN-landa: Vatikanet, Kosovo, Vest-Sahara, Taiwan og Palestina. Det gjev Garfors heile 198 land på lista.

– Eg har alltid likt å reise, men det heile starta då eg byrja å reise med bror min for ein fem-seks år sidan, fortel Garfors.

Det heile starta i Kirgisistan

Dei to brørne hadde lyst å reise til ein plass dei aldri hadde høyrt om, og etter å ha lese ein artikkel i Firda om nokre folk frå Kirgisistan som kom på ei vasskraftutveksling til Sunnfjord, fall valet på nettopp Kirgisistan.

– Det gav meirsmak, og etter det bestemte vi oss for å besøke alle landa som sluttar på «stan». Så for ein tre-fire år sidan bestemte eg meg like godt for å reise til alle land i heile verda, seier ein entusiastisk Garfors.

Førde

NOREG: Også Noreg står på lista over land han må besøke. Her er han i Førde under uveret Dagmar i romjula.

Foto: Gunnar Garfors

Eit veddemål med ein kompis skulle fyre ytterlegare opp under reiselysta til Garfors.

– Det klarar du ALDRI, sa ein kamerat av meg, då bestemte eg meg for at DET skulle eg klare, fortel han.

Skal bli ferdig innan 2013

Garfors har fram til han er 40 på å reise til dei 198 landa på lista si. Det er berre fire år til, men det er han sikker på skal gå heilt fint.

– Det går bra, planen er faktisk å bli ferdig i løpet av 2013.

– Men får du opplevd noko når du skal besøke så mange land på så kort tid?

– Absolutt. Eg reiser rundt så mykje eg kan og opplever, men det er klart det blir lite tid til å sitje under ein parasoll, men eg no er litt rastlaus av meg, så det går fint, ler Garfors.

Nord-Korea på topp

Den reiseglade 36-åringen er godt førebudd. Han har faktisk teke høgde for at nye land kan oppstå også.

– Eg viste blant anna at Sør-Sudan kom til å bli nytt land, så eg har med vilje utsett år reise til Sudan slik at eg kan ta Sør-Sudan i same slengen. Kjem det endå fleire land så må eg sjølvsagt besøke dei også.

Det å skulle velje ut eit favorittland er heilt umogleg for Garfors, men Nord–Korea er eitt av landa som skil seg ut.

– Det er jo eit land som har vore mykje i media no, men det er eit heilt utruleg fascinerande land sjølv om du på mange måtar neppe får sjå det «ekte» Nord-Korea som blir skjult for dei fleste turistar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sør-Afrika

SØR-AFRIKA: Ifrå det nordlegaste nord til det sørlegaste sør må Garfors reise om han skal nå målet sitt innan 2013.

Foto: Gunnar Garfors

Kuwait på botn

Men om det skulle vere vanskeleg å velje seg ut eit favorittland så er det ikkje så vanskeleg for han å finne landet som tronar i andre enden av skalaen.

– Det er sjølvsagt mange faktorar som spelar inn for om ein trivst eller ikkje, men det er eitt land der eg rett og slett ikkje treivst, og det var Kuwait. Det er garantert mange kjekke folk der også, men eg trefte dei berre ikkje på den turen, ler Garfors.

Heller ferietur enn ny sofa

Sjølv om ikkje alle turar vert full klaff så er det ingen tvil i at han får mykje igjen for turane han tek.

– Det gjev meg utruleg mykje. Nye impulsar, nye folk, ny mat og nye lukter. Det er heilt utruleg, og eg brukar mykje av pengane mine på dette, men heller det og få mange nye minner framfor å få ein ny sofa, fortel Garfors.

Ikkje er det særleg med pengar å hente for Garfors dersom han skulle vinne veddemålet mot kompisen heller.

– Ha ha, nei han skjønte vel at han kom til å tape så det er ikkje store premien. Det er ei pils for kvart land eg har besøkt så det blir vel kanskje det same som ein halv flybillett, så det er på ingen måtar pengane eg gjer dette for, ler Garfors.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser