Hopp til innhold

Elev- og lærlingombod får ansvar for mobbesaker

Sogn og Fjordane får ikkje eit eige mobbeombod, men no skal elevar og lærarar likevel få hjelp i mobbesaker.

Fylkestinget i Førde

VEDTOK: Fylkestinget vedtok at elev- og lærlingombodet i fylket også skal ha mobbesaker som ei av sine oppgåver.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Fylkestinget vedtok onsdag at elev- og lærlingombodet i fylket også skal ha mobbesaker som ei av sine oppgåver.

Fylkespolitikarane har tidlegare stemt ned eit framlegg frå KrF om å opprette eit eige mobbeombod.

– Eg trur framleis at eit mobbeombod som hadde med seg både grunnskule og vidaregåande skule, hadde vore det beste. Men dette er eit godt alternativ for dei vidaregåande elevane som vi har ansvar for, seier Trude Brosvik (Krf).

Skal førebyggje

Med ansvar for vidaregåande elevar frå 16-19 år, vart elev- og lærlingombodet vart oppretta i 2007.

Fylkespolitikarane ynskjer at ombodet skal arbeide aktivt for å førebyggje mobbing, og tilby kompetanse og hjelp i mobbesaker.

– Det er ei god formulering i vedtaket at ombodet skal vere proaktivt i denne type saker. Det er også sagt at om elev- og lærlingombodet ikkje har kompetanse, så skal det tilførast kompetanse, seier Brosvik.